Elevane på første året studiespesialiserande ved Måløy vidaregåande skule fekk nemleg gå i djupna på fransk kunst då oppgåva var å gjenskape og lage ein moderne versjon av dei kjende måleria til Renoir, Seurat og Delacroix.

– Det gjer franskundervisninga mykje meir morosam, eg kjem nok til å hugse korleis dette måleriet ser ut resten av livet, seier Maria Kristin Steenslid Hopland.

Moderne: Her har franskelevane laga ein moderne versjon av bildet.

Å gjenskape det gamle bildet var det elevane likte best.

– Vi synest det gamle bildet var mest morosamt å lage, nettopp fordi vi veit korleis bilda er i moderne tid, og er mindre vant til gamle bilde, seier Mette Sølvberg Silden.

– Heile prosessen med å kle seg opp var artig og førte til mykje latter i klasserommet, seier Maria Kristin Steenslid Hopland.

Andrine Vinge og Felicia Nordpoll seier seg einige.

– Det var noko vi aldri hadde prøvd før, og vi måtte jobbe som ei gruppe og vere kreative.

Lærar Kjellrun Åsebø likar å variere undervisninga.

– I slike oppgåver får elevane bruke noko dei er svært gode på, nemleg film, foto og ikkje minst fantasi. I tillegg blir dei kjend med eksempel på fransk kunst, og mitt håp er at dei hugsar desse bilda resten av livet. Eller tenker når dei ser eit bilde i same stil at «kanskje det er Renoir som har måla det?».

Originalen: «Friheten leder folket» er eitt av kunstnaren Eugène Delacroix mest kjende verk, frå 1830.

Elevane greip oppgåva med iver.

– Vi sette oss ned og diskuterte kva vi hadde av forskjellige kleda og gjenstandar som vi trengde. Alle tok med litt kvart av det dei hadde heime. Då vi kom til skulen, drog vi ut for å finne ein passande stad for å ta bilde, seier Sofie Jensen Vedvik.

Å lage ein moderne versjon var lett.

– I eit slikt modernisert bilde måtte vi i alle fall ha med teknologiske gjenstandar, som mobiltelefon og datamaskin. Vi ville også ha ein del «selfiar», og moderne måtar å stå på. Vi skifta også til meir moderne kle, som caps og solbriller. Vi prøvde å få eit litt gladare, og kanskje eit litt mindre seriøst bilde enn det originale bildet, seier Mette Sølvberg Silden og Sofie Jensen Vedvik.

Gjenskaping: På dette bildet har gruppa gjenskapt originalbildet av Delacroix.

Elevane likar godt variasjonen slike prosjekt tilfører undervisninga.

– Vi får meir motivasjon og det er endå meir å gle seg til, og då er det lettare å prestere bra. For nokre blir berre teori veldig tøft, så det blir ei form for avkopling med kreative oppgåver, meiner Andrine Vinge og Felicia Nordpoll.