– Vi kjem til å gøyme ti bøker rundt om i butikkvindauge i Gate 1. Barna kan kome innom biblioteket og hente deltakarskjema, så skal dei ut å finne bøkene i butikkvindauga, fortel Tamara Sortland og Janne Mari Hjelle ved Vågsøy Folkebibliotek.

Deltakarskjemaet må leverast inn att på biblioteket og så blir det trekt ut vinnarar. Sortland og Hjelle lovar fine premiar til dei som vinner.

– Her blir det både tivolibillettar og sjølvsagt bøker i premie, vi er jo trass alt eit bibliotek, smiler Hjelle.

Passar for alle

Litteraturstien vil gå føre seg laurdagen i festivalhelga, og initiativtakarane håpar aktiviteten kan bidra til meir liv i sentrum og på biblioteket.

– Vi kontakta Måløydagene med ideen. Vi må jo gjere eit eller anna vi òg. Det blir mykje fokus på kjøpefesten, men her er andre tilbod i Måløy, som ikkje går på det å handle. Med ein slik aktivitet kan vi få spreidd folk rundt om i dei ulike delane av sentrum, seier Hjelle, som legg til at aktiviteten skal passe for alle.

– Dette er nok ein aktivitet som passar best for ungar som går i grunnskulen. For dei eldste ungane blir det nok veldig lett, og dei yngste må kanskje ha litt hjelp frå mamma eller pappa. Men dette er noko alle kan vere med på, og som er enkelt for alle å meistre. Vi håpar mange vil vere med og at initiativet vårt med litteraturstien får ei positiv mottaking.

Vil skape aktivitet

Sortland og Hjelle meiner det er viktig at biblioteket er med på alt som skjer i sentrum.

– Vi ligg i Gate 1, og det er fint at vi kan vere ein del av bybildet, understrekar Hjelle.

– I tillegg er vi framleis i relativt nye lokale, og kanskje vi kan få innom nokon som enno ikkje har vore inne. Nokre har kanskje framleis eit bilete av eit grått og støvete bibliotek, men slik er det verkeleg ikkje lenger, legg ho til.

Ifølge statistikkane peikar pila den rette vegen for biblioteket i Vågsøy, og Hjelle og Sortland er fornøgde med både besøket og utlånet.

– Men vi har alltid plass til fleire, og vil ha enno fleire på besøk, seier Hjelle.

Biblioteket i Måløy deltek på den digitale lesekampanjen Sommarles, som skal motivere barn og unge til å halde fram lesinga gjennom ein lang sommarferie. Kampanjen går ut på at barna lagar seg ein eigen profil på nettsidene til Sommarles, der dei registrerer kor mykje dei har lest.

– Allereie etter seks dagar med kampanje hadde vi 17 barn som hadde meldt seg på, så det er veldig bra, understrekar Sortland.