Laurdag er det tid for Sommarfesten i Selje sentrum, med utedans og musikk frå lokale artistar.

– På dagtid går det fint med litt regn, men vi er skeptiske til vêret på kveldstid. Blir det mykje regn, så må vi flytte dansen til samfunnshuset, fortel Hoddevik som sjekkar vêrmeldingane fleire gongar dagleg. Sol eller ikkje så trur han det blir ein flott laurdag i Selje.

Ideen starta med at Hoddevik og eit par kompisar, som alle er med i Selje idrettslag, kommenterte at det hadde vore så lenge sidan det hadde blitt arrangert ein utedans.

– Og det kunne vi jo godt tenke oss å lage til. Så var det å finne rett dato og i år var det 24. juni som passa.

På programmet står alt frå vassaktivitetar på Seljesanden, grillmat i sentrum, konkurransar, livemusikk og fotballkamp.