– Vi er ekstremt fornøgde med kveldsarrangementa i år. Det tok av både under Queen-showet på fredag, og gjennom kvelden med Måløy Musikklag på laurdag. Det var verkeleg ikkje noko problem å få fulle hus, seier Bjørn Tungevåg i arrangementskomiteen

Han legg til at det er viktig for Måløydagene, sidan det er det som skjer i teltet på kvelden som ber heile helga økonomisk. Han fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar etter at dei flytta teltet tilbake til Torget, noko som gjer arrangementa lettare tilgjengeleg.

– Og så må vi seie at vi er veldig glade for at Måløy Musikklag var tilbake etter ei pause i fjor. Band, korps og fantastiske lokale vokalistar, den kombinasjonen blir heilt magisk.

Takknemleg publikum

Hans Christian Helgesen var ein av vokalistane som song saman med Måløy Musikklag, og kunne rapportere om fantastisk stemning, også oppe frå scena.

– Ein såg at publikum hadde det kjekt og kosa seg, og det smitta over på oss der oppe. Det verka som at folk kom i teltet for å høyre god musikk, og då er det veldig kjekt å opptre.

Sceneshow: Håkon Kongshaug var også blant dei lokale solistane som stod på scena saman med Måløy Musikklag i festivalteltet, laurdag kveld.

Dei andre solistane som var med dei 35 musikantane frå Måløy Musikklag var Jakob Hals, Celine Mork, Andrea Santiago Stønjum, Håkon Kongshaug, Sonja Ellefsen, Egil Melvær og Randi Melheim. I tillegg var Vidar Furnes, Harald Barmen og Arve Rutledal med som band, og dansarane frå dansegallaen tidlegare i år var med for å fyre opp showet litt ekstra på nokre av dei 25 nummera som stod på programmet.

Repertoaret bestod i all hovudsak av låtar med allsong-faktor, og publikum var ikkje vanskelege å be, verken når det gjaldt song eller dans.

Ung eldsjel

Tidlegare på kvelden, før musikantane entra scena, blei prisen for årets ildsjel delt ut i festivalteltet. Til publikum si store begeistring gjekk årets pris til Linea M. Helgestad (12), for hennar beundringsverdige innsats for innsamling av pengar til ALS-forsking.

Tidenes yngste: Linea M. Helgestad (12) blei årets ildsjel på bakgrunn av sitt flotte engasjement rundt innsamling av pengar til ALS-forsking. – Eg er utruleg stolt og overraska, smiler ho. Foto: Benedikte Flataker

– Eg trudde eg berre skulle framføre ein song som oppvarming før konserten starta, og hadde ikkje i min villaste fantasi trudd eg skulle få denne prisen. Eg er veldig glad, men overraska. Til saman har vi fått inn 541.000 kroner, men kontoen er framleis open!, fortel ho stolt og held opp diplomet som stadfestar at ho er årets idlsjel.

– Draumepublikum

Også fredag kveld var det godstemning i teltet, og Åge Sten Nilsen leverte verkeleg varene då han framførte konsertversjonen av sitt nye Queen-show. Med fyrverkeri, Freddie Mercury-maske og ein god porsjon rock and roll, entra han scena og fastslo at det var minst like god stemning denne gongen som sist han besøkte Måløy og Måløydagene i 2015.

Skuffa ikkje: Åge Sten Nilsen fyrte verkeleg opp stemninga i festivalteltet med både fyrverkeri og ekte rock under Queen-showet fredag kveld. Foto: Benedikte Flataker

– Og så ser eg at det er eit yngre publikum her denne gongen, det er imponerande! Det einaste som har forbetringspotenisale her er vêret, spøkte han.

Nilsen påpeikte at han også var storfornøgd med responsen frå publikum i løpet av showet.

– Det her er verkeleg draumepublikummet. Snakk om allsongvilje og innleving!