– Vi ønskjer at det skal vere så mange som mogleg, seier administrasjonssjef Gunn Guddal i Malakoff Rockfestival.

Den 15. utgåva av festivalen går av stabelen 20. – 22. juli i sommar. Behovet for frivillige ligg på 800 personar, og festivalen manglar no rundt 200.

– Er det problematisk å rekruttere frivillige i år?

– Vi har kanskje eit for godt program. Det har gått greit fram til no, men så har det stoppa litt opp, seier Guddal.

– Vi vil jo gjerne arrangere den beste festivalopplevinga, og då treng vi null kø og god service. Vi har høg bemanning i forhold til andre arrangement. Og det skal også vere kjekt å vere frivillig. Det skal vere like kjekt å stå bak baren som framfor, seier Guddal.

Festivalen manglar kveldsvakter i bar og kiosk, i tillegg til ordensvakter fredag og laurdag.