Namn: Erlend Svoren

Alder: 32 år

Bustad: Saltkjelen

Sivilstand: singel

Yrke: dagleg leiar hos Net Partner AS

– Kva planar har du for sommaren?

– Ta fri fra husoppussing og kanskje fare en tur nordover med bil.

– Kva er ditt aller beste ferieminne?

– Det er utan tvil båtferien eg var på som gjekk fra Måløy til Flåm.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Gangsøyna! Nei, kanskje til USA i ei lengre periode. Mykje å sjå der.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei øde øy?

– Enten Ronny Brede Aase eller Truls Svendsen.

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– På båttur til fantastiske Vetvika i Bremanger.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Ehh, fint vêr er fantastisk, men skikkeleg styggevêr er heilt konge.

– Kvar likar du best å bade?

– Syden er jo ikkje å forakte, men er det badestemning så badast det uansett kor.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Lite i hagen, men mykje på altanen. Men eg sler no den hersens plenen.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Av dei eg har gått her i det siste synest eg Kvamefjellet i Moldefjorden var det beste.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Vore på artige festivalar og slikt, men det som sit best i minnet er av ein eg ikkje var på. Eg budde i Førde, og plutseleg kakka det på døra. Der stod kompisane mine Sindre og PO og måtte låne pengar til både bensin og ferje. Dei hadde vore på Roskilde, men no var det slutt på pengane og dei hadde haika med nest siste ferja. Det var eit syn for gudar, to veldig sletne karar.

– Kva eldsjel fortenar ei korg med jordbær?

–  Her er mange eldsjeler, så eg må dele ut to. Ei til Turid Breidalen, ho er ein fantastisk ambassadør for Måløy, og for det ho driv med. Ho var aktiv då eg var 13-14 år også, så hatten av. Og så må mor mi, Turid Svoren, få ei korg. Ho er mi eldsjel.