– Eg har sett på programmet kvart år, og tenkt at eg har så lyst til å vere der sjølv. Eg har vore på festninga tidlegare, men då var det ikkje konsert der, fortel Vilde Hjelle, til Fjordabladet.

– Det ser så morosamt ut når det er så mange som syng, og veldig kjekt for oss å få lov til å vere med, seier Anna Naustdal til avisa.

Neste laurdag står dei to venane på scena under Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.