Guddal fortel at årets «merch» allereie har blitt godt motteke.

– Folk vil ha plagg i mørke fargar og i kjend rockestil. I år fyller vi 15 år, så derfor har vi laga ein eigen jubileumskopp, fortel ho.

Guddal understrekar at det er viktig for arrangørane å tenke praktisk når dei designar kolleksjonen.

– Vi skal ha det meste, og prøvar å tenke på at vi kan få alt slags vêr her på Vestlandet. Målet er at festivaldeltakarane skal ha få tak i det dei treng. Vi har kle til alt slags vêr, men eit tips er å ta med støvlar og solkrem, det har ikkje vi, seier Guddal.

Ho legg til at kleda er ein viktig del av samhaldet både før og under festivalen.

– Det skapar ei eiga stemning når ein går med same kle, og det blir ein viktig del av oppkøyringa. Rockebutikken på Nordfjordeid har stor aktivitet i forkant av festivalen. Vi tek inn kring 2.000 t-skjorter og 500 hettejakker, og kvart år blir det tomt, smiler ho.