Tierbreaker

MGP jr-vinnarane Vilde og Anna

Indigo Child

Lüt

Ane Brun

Carnival Kids

Daniel Norgren (SE)

The School

Sondre Justad

Kjartan Lauritzen

Karpe Diem

Converge (US)

Refused (SE)

Mer om artistene

Tiebreaker

Malakoff Rockfestival sin omtale: Av og til kjem ein over band som minnar ein på kvifor ein først forelska seg i rock’n’roll. Nokon som briljerer i produksjonen og serverer reinspikka, spennande rock av prima kvalitet. Tiebreaker er nettopp eit slikt band og dei gjer det berre så herleg riktig!

Storslåtte rockharmoniar i kombinasjon med ein utforskande gitar og ei rockestemme på høgoktan, driv Tiebreaker opp på internasjonalt toppnivå. Høgt der oppe vert dei verande, og er ikkje verre enn at dei har fått tilnamnet ”Noregs beste nye rockeband”. Det er vanskeleg å ikkje tenke på Rival Sons når ein høyrer den hardtslåande, grove gitaren gaule om kapp med den skarpe og presise vokalisten. Og det seier litt om kvaliteten bandet leverer. For basert på lydbiletet og låtproduksjonen skulle ein tru at Tiebreaker var eit band frå djupaste bluesrockbygda i USA. Det heile høyrest så utruleg oppriktig og ekte ut, som at dei har reindyrka dette i fleire tiår. Ekstra artig er det då at gruppa består av ein gjeng unge karar frå Odda og fjordane i Hardanger!

Tiebreaker har hatt det travelt sidan starten, og jobba seg til toppstatus som liveband. Med hundrevis av konsertar sidan 2013 har bandet blitt særs skarpe både på scene og plate. Albumdebuten deira, We Come From The Mountains kom ut i 2014 og gav bandet svært gode kritikkar. Deira nyaste album ”Death Tunes” frå 2016 held like høg kok og foredlar den klassiske rock’n’roll’en dei er blitt kjende for, og sprutar av energi frå tidleg garasjerock. Sånt likar vi!

Med si skamlause oppskrift av eksplosiv, groovy rock’n’roll iblanda både blues- og progrock, syner Tiebreaker stadig at det er håp for den norske rockeframtida. Noko dei òg gjorde klinkande klart for publikum på Malakoff i 2016. Vi er ekstremt klare for gjensyn i sommar!

MGP jr.-vinnerane Vilde og Anna

Malakoff Rockfestival sin omtale: Det var ikkje reint få TV-apparat som ein laurdagskveld i november lyste opp stova i den norske heimen. To jenter frå ei lita vestlandsbygd glitra frå scenekanten i Oslo Spektrum, og med songen «Vestlandet» gjekk Vilde Hjelle (13 år) og Anna Naustdal (12 år) frå Nordfjordeid heilt til topps og stod som stolte vinnarar i MGPjunior 2016. Heilt fantastisk!

Det var rett og slett enormt for ei lita bygd å få oppleve, og truleg minst like stort for Eidajentene. Men dette vart berre byrjinga, då jentene sidan sigeren i november har vore land og strand på MGPjr sin juleturné i desember, og sunge på NRK sitt mest sette program "Kvelden før kvelden" og vore med på bornas eige «Julemorgen". Dei har rett og slett fått smake på livet som ekte superstjerner!

Vestlandssongen har til no millionvis av streams og har fått reise langt utover fylkesgrensene og inn i øyra til det norske folk. Og i sommar skal vinnarlåta, andre kjende MGPjr-låtar og nytt eigenprodusert låtmateriell "heimatte" til Eid. Den gode energien og det familievenlege låtmateriellet skal tilbake over fjellet, gjennom ein tunnell eller to, eit par bruer og opp på Malakoffscena.

Vi spår herleg allsangfaktor og ei oppleving av dei sjeldne for både store og små. Og til denne litt spesielle konserten har Vilde og Anna med seg dei lokale flinke ungdomane i Indigo Child som backingband, så her kan vi med andre ord forvente noko heilt spesielt!

Indigo Child

Malakoff Rockfestival sin omtale: Indigo Child er ei talentfull popgruppe beståande av lokale ungdomar frå Nordfjordeid, som skriv og komponerar sine heilt eigne låtar. Bandet nærmast svevar på ei sky av kvalitet, trass si relativt unge levetid. På scena manar dei fram trollbindande musikk der presise og majestetiske vokalprestasjonar krydrar eit vakkert og elektronisk bakteppe. Bandet tek inspirasjon frå artistar som t.d. Highasakite og Susanne Sundfør. Og det kan frydeleg merkast.

Med harmoniar som gjev frysningar langt oppetter ryggen har Indigo Child gjort seg bemerka på både UKM Landsmønstringa og med ei strålandes livespeling på direktesendt fjernsyn under MGPjr finalen 2016. Vi, og mange andre, spår ei lysande karriere for Indigo Child. Dette er ein gjeng med eit stort musikalsk potensiale, og dei gler seg veldig til å både spele eigne fantastiske låtar og stå som band ilag med Vilde og Anna på scena. Dette vert spesielt og vakkert!

Lüt

Malakoff Rockfestival sin omtale: Energisk liveframføring med eit megatight og hardtslåande lydbilete? Check! Raske, grandiose gitarar som hausar opp fengande låtar? Hell yes. Herleg rett-i-trynet-attitude på scena frå første sekund? Det kan du banne på!

Lüt har heile pakka, og stussar ikkje med å flekse dei nordnorske punkmusklane sine på scena. Dei vart finalistar i årets urørtfinale, og leverte litt av eit show. Det vil sei, dei leverte eit heilt enormt bra show, og hamna dermed rett i rockehjarta våre. Det unge rockebandet har klare røter til melodisk hardcore/punk og klarar på finurleg vis med skrikevokal og gjengkor å få gåsehuda til å krølle seg oppover armane. Om ein skal samanlikne, kan det heile minne om eit tidleg Kvelertak - og det er slettes ikkje dumt.

Rockebandet frå Tromsø har på kort tid etablert seg som eit av Noregs mest spennande band og er verkeleg eit band å følgje med på framover. Dei har til no sluppe tre særs fengande singlar og jobbar i skrivande stund med debutplata som kjem om kort tid. Vi gler oss. Men først skal dei skrike oss i trynet på Malakoff17. Og vi skal skrike med!

Ane Brun

Malakoff Rockfestival sin omtale: Moldejenta Ane Brun er utan tvil ein av landets mest respekterte og populære låtskrivarar. Ho fekk sitt gjennombrot i 2005 med albumet A Temporary Dive og som ein god vin vert denne gåsehudframkallande artisten berre betre og betre. Den siste plata hennar, When I’m Free som kom i 2015 avla strålande kritikkar, og Ane er ein sånn artist som berre osar av kvalitet i alle ledd. Ikkje rart ho er dobbel spellemannsvinnar som årets kvinnelege artist. Som internasjonal musikar har ho eit stadig veksande publikum over heile Europa og er ansvarleg for mange fruktbare samarbeid. Både nasjonalt, med til dømes Madrugada, og internasjonalt med artistar som Peter Gabriel.

Ho skriv melodiar med ein velplassert fot i det tradisjonelle singer/songwriter-land, og den andre ofte og kledeleg ruslande utanfor opptrakka stiar. Musikken hennar er som ein behageleg sval bris inn i øyregangane, med ei nydeleg og berykta sang- og forteljarstemme som gjer at ein lett drøymer seg vekk i songreisene hennar. Balsam for sjela! Det kriblar altså litt med tanke på ryktene om ny musikk på trappene.

Ane er beint fram ein fantastisk artist med eit like superb band bak seg, som saman skapar eineståande og magiske augeblikk på scena. Vi gler oss enormt til å få ta i mot denne vedunderlege dama til Malakoff17!

Carnival Kids

Malakoff Rockfestival sin omtale: Ambisiøse rock-yndlingar med verda for deira føter. Carnival Kids veit å ta ‘an heilt ut på konsert, og det skal Malakoff saktens få merke!

Så mykje berre stemmer med Carnival Kids. Prestasjonsmessig gnikkar dei skuldrar med dei største i sin sjanger, og det skrantar verken på engasjement, energi eller innleving. Frå scenekanten er det lett å trekke koplingar til hardhausane i Bring Me The Horizon, og det er ein sabla god assosiasjon å føle på. Det er stramt som F, tøffare enn toget og herleg poserande. Musikalsk, like så, og deira nyaste EP er kanskje den tøffaste utgjevinga hittil. Hardcore rock, ispedd både prog og pop frå denne norsk-britiske samansetninga er rett og slett velsmakande øyresnop.

Carnival Kids imponerte stort under årets by:Larm, Malakoffarar over land og strand kan verkeleg glede seg til å få ei heftig dose real hardcorerock rett i fleisen i sommar!

Daniel Norgren

Malakoff Rockfestival sin omtale: Velkomen til ein eksklusiv sommarkonsert med ein av verdas mest unike artistar! Stikkord for dagen: Vakkert, herleg og heftig. Vi kan allereie kjenne smaken av sommar og lukta av gras, med lyden av Daniel Norgren som festivallydspor i bakgrunnen.

Daniel Norgren er ein av dei skjeldne. Ein langhåra og karismatisk svenske med trailercaps, som produserer magisk og heilt spesiell musikk. Han er fødd og oppvaksen i den tjukke skogen i Borås i Sverige, men skulle etter alt å døme kome rakt frå sumpen i Louisiana. Musikken hans er beint fram fantastisk, og har hausta internasjonale lovord og strålande kritikkar verda over. Den har tydelege røter i folk- og bluessjangeren frå USA, og dei siste åra har Daniel Norgren laga vakker melankolsk musikk i god amerikansk singer/songwriter-tradisjon. Som artist er han glad i både det nye og gamle, og er kjend for å spele inn verka sine på den gode gamle kassetten. Dette tilfører noko ubeskriveleg og ekte til musikken hans, og han nyttar ofte heimesnekra instrument som han gjerne spelar på samtidig. Sa vi spesielt?

Daniel Norgren spelar utselde konsertar rundt om i heile Europa, og det er ei stor ære å få besøk av unikumet Norgren i sommar. Du er med dette invitert til ei personleg og heilt eineståande musikalsk reise du seint vil gløyme.

The School

Malakoff Rockfestival sin omtale: Å skulle beskrive dei poppa pønk-heltane The School er ikkje berre-berre. Bandet som berre plutseleg eksploderte på beste tenkelege måte, utan at nokon skjønte bæret, og som i 2010 etterlot seg eit ljomande vakum. Vi gjev herved ordet til sjølvaste gitarist og vokalist Stig Aarskog, lenar oss bakover og kikar forventningsfullt mot sommaren. Er det rart vi gler oss?

Sommaren 2005: ”Shit, ej kjenne ej begynne å bli trøtt”. Den langhåra lydteknikar-sunnmøringen gjespar. Klokka er 0430. Den einaste måten vi fekk råd til å mikse EP-en var om vi godtok studiotid midt på natta. Vi sit  i eit mystiske death metal studio plassert i ein Tyskar-bunkers på Svartlamoen. ”Vi må bounce alle tracka. Tar cirka en halvtime så det e berre å ta seg ein røyk før vi fortsette.” Vi sat i sju ineffektive netter og lurte på kva ”bounce tracka” betydde.

Vinteren 2006: ”Å så datt ho på rævva!!!” flirar gitaristen mens han balanserar 5 øl på veg til bordet vårt. Vi gøymer oss på legendariske Rorbua pøb i Tromsø og Skoglund-parodien slår an. Ut vindauget  ser vi bransjefolk frå heile musikk-Norge rusle fram og tilbake. Vi er på Bylarm. Det er 3 timar til vi skal spele på Blårock for heile Oslo-mafiaen. Vi er tøffe i kjeften, men slurkane er store og vippefoten går i eitt. Vi har kun spelt 10-15 gongar live før. Blir det her bra? På nachspielet etter konserten blir vi booka til både Quart- og Øya-festivalen og får platekontrakt. ”Ka skjedde egentlig?” mumlar bassisten i taxien på veg heim.

Sommaren 2006: ”I like The Strokes, Franz Ferdinand, and Queens of the stone age” seier eg til plateprodusenten; den velrenommerte London-hunden John Fryer med fleire legendariske plater på cv-en. ”I hate those bands” svarer han tørt. Den norske sommarkulda er ikkje noko han set pris på. Vi er på veg for å sjå VM i fotball på den lokale pøbben. England taper og humøret til produsenten blir 10 hakk dårlegare. Eg såg mørkt på dei neste dagane. Ville vi rekke å spele inn debutalbumet på ei veke? Ville vi få soundet rett? Ville engelskmannen drepe oss?

Seinsommar 2006: Eg er forbanna. Ingen er i lobbyen. Det er 30 min til vi skal vere klar på Øya-festivalen. Sjølv om klokka kun er 1300 er festivalen stappfullfull sidan det er strålande sol og Knutsen og Ludvigsen på hovudscena. Bandet som spelar samtidig med oss på andre sida av festivalområdet er eit introvert støy-pønk-band med finlandshetter. ”Alle kommmer til å rømme til The School!” spår band-kontakten.

Med digre solbriller kjøpt på ESSO ser vi utover det som visstnok  er publikumsrekord på vår mellomstore scene. Med lett arroganse og breiale meldingar sparkar vi i gang settet. Puppy bak trommene er gjennomsveitt før første refreng og vi står så breidbeinte at kneskålene dirrar. Lyden er perfekt og publikum hyler av begeistring. Tida går altfor fort. Brått er det over. Vi set oss backstage og pustar ut. Ein time seinare kjem bandkontakten bort til oss med ein PC. Han slår opp på VG nett: ”De har blues i blodet, de har punk i hodet, de er så arrogant effektive at man blir stående og måpe over deres begavelse.” Terningkast 6. ”Ka faen skjedde?”spør bassisten.

Vår 2007: ”Høy du må bremse!! Det her e jo trikkeskinnene. Du e på vei inn i en trikketunnell!!” Toyota Hiace’en ryggar i 60 km/timen mens folk på trikkehaldeplassane ser rart på oss. The School er på Tysklandsturne og har dårleg tid. Vi trudde det var 2,5 timar frå Berlin til Frankfurt. Men det viste seg å vere 6,5 timar. GPSen viser at vi kjem ein halvtime seinare enn konsertstart. Vi skranglar oss av garde på autobahn med flat pedal. Det første som skjer ved ankomst er at vi låser inn bilnøklane og det lokale crewet må dirke opp låsen. Etter rekordraske 16 minutt med instrumentbæring og lydsjekk er vi klar. Eit forventningsfullt publikum tar heilt av denne kvelden. Anmeldelsen i Tyskland sitt største musikkmagasin ”Visions” gav oss  9 av 10 stjerner for debutplata ”Espionage” og det har gjort folk nysgjerrige. Sjefen for plassen heiter Lee Harry Oswald og er i ekstase. ”All drinkz are free” gliser han.

Påske 2008: Vi er i utkanten av New York ei vinternatt. Det er iskaldt ute og vi går manngard saman med sju politibilar. Vi manglar eit bandmedlem. Sjefen for det legendariske platestudioet ”Carriage House” er bleik som eit laken. ”This has never happened before” mumlar han mens han kikar under presenningen til eit badebasseng. Ingen der heldigvis. Det har gått tre iskalde timar. No høyrer vi nokon rope i nærheten av studioet. Det er naboen som står der med ein forvirra keyboardist. Viste seg at han hadde gått rett frå taxien inn i feil hus og lagt seg på sofaen. ”Lucky I didn’t shoot him”. Politiet ristar på hovudet og kjører derifrå. ”Ka faen skjedde!?” ropar bassisten.

Vinter 2010: Avskjedskonsert på Blæst i Trondheim. 250 konsertar og tusen mil i Hiace har slitt ut gjengen. På tide å sjekke ut kva den gullrekka på fredag er for noko.

Haust 2016: Byscenen i Trondheim er fullstappa. The School spelar reunion etter 6 års pause og drar det største publikum nokon gong i sin heimby. ”One night only” står det oppskriftsmessig på plakaten. Men publikum er i ekstase og vil ha meir. Etter 3 ekstranummer hyler dei fortsatt. Katalogen er tom. For å stilne publikum lovar vi å spele fleire konsertar. Kanskje også lage ei ny plate?

Dei som møter opp på Malakoff Rockfestival får sjølv bedømme om musikkbransjen har behov for fengande rett-i-trynet-rock anno 2017. Ein ting er sikkert. Rockfestivalar treng rock; ikkje panfløyte. Snakkast i amfiet!

Sondre Justad

Malakoff Rockfestival sin omtale: Lofot-wonderboy Sondre Justad er ein kar som verkeleg kan kunsten å setje publikum i kok. Ein energisk og ektefølt artist som har teke landet med storm er no klar for å imponere Malakoffarane!

Sondre Justad har på kort tid blitt ein av Noregs mest ettertrakta og populære artistar. Med ei upåklageleg  ekte og energisk innleving har Sondre blitt popfenomenet alle snakkar om. Dei siste åra har låtskrivaren frå Lofoten blitt observert frå mang ein scenekant, og det har gått slag i slag sidan sommaren 2014. Debutsingelen Nu har du mæ satte då verkeleg fart på sakene, og popstjerna har krydra musikklandskapet med utselde konsertar omtrent overalt. Debutalbumet Riv i Hjertet låg heile 13 veker på albumlista, med heftig rotasjon på både P1 og P3 sine spelelister. Populære låtar som Riv I Hjertet, Klar Ikke Pust, Det E Over, Tilbake, Tett Inntil Mæ og Lovte Dæ har gjeve artisten eit milliontal av streams og hyppig radiotid, men det er på konsert at Sondre Justad verkeleg kjem til sin rett. Han tek pusten frå publikum ved første åndedrag, og lagar pop slik pop skal lagast!

Med Sondre Justad på scena får du ei oppleving som verkeleg innfrir. Dette er rått, ekte og medrivande, og løftar norsk pop opp på eit nytt nivå. Det er slettes ikkje rart at han betyr så mykje for så mange. Sjå fram til eit høgdepunkt av dei få når Sondre Justad kjem til Malakoff17!

Kjartan Lauritzen

Malakoff Rockfestival sin omtale: Kjartan Lauritzen er eit namn som for alvor har hamna på radaren til det norske folk. Det joviale og småartige artistnamnet tilhøyrer ein hyper gledesspredar av ein sogning, som allereie har fått eit særs godt rykte som entertainer, låtskrivar og musikalsk villbass.

Med ei rekkje bombastiske singlar (Havanna med over 1 mill. streams!) og ein nyleg lovprisa radiohit, Fredag, har han funne vegen til større og større scener. Bak seg har han mellom anna ein publikumselska Slottsfjell-konsert, samt ein fullstappa konsert på Parkteatret i Oslo, for å nemne nokre. Kjartan Lauritzen stod på Sentrumscena i fjor som vinnar av årets sommarluttpris, og skal i 2017 få slå seg laus på sjølvaste Malakoffområdet. Vi, og mange andre, trur dette er berre starten på eit aldri så lite episk eventyr.

Kjartan på scena er synonymt med galskap og god stemning. Kreative beats og knasande sprø tekstar er saman med ein vill sprutenergi blitt sjølve kjennemerket til unge herr Lauritzen. Førebu deg på gåsehud og grandiose (men lite grasiøse) stagedives. Legaliser god stemning!

Karpe Diem

Malakoff Rockfestival sin omtale: Ein sleten Toyota Corolla pushar femti over Strynefjellet. I den raude kvalitetskjerra som nektar å ta kvelden sit det ein ung og energisk duo frå betongjungelen. Dei har høyrt ropet. Ein gong til! Ein gong til! Lyden av trampeklapp frå 2014 aukar i takt med eit kvinande turtal, og hitfabrikken frå Oslo siktar seg inn på #denbestefestivalopplevinga. Karpe Diem kjem attende til Nordfjordeid og skal atter ein gong lage folkefest. Heisann Malakoff!

Karpe Diem sitt musikalske univers kan i korte trekk summerast opp som superenergisk, smittsam og smart musikk. Med sine treffande tekstar som er dynka i både humor og alvor på same tid, produserer bandet hit etter hit. Eit kjenneteikn for samtlege er at dei vågar å utfordre og leike seg med samfunnsforhold, kulturskiljer og det u(r)norske. Dei har skapt enormt engasjement, hausta lovord og nominasjonar, og har sikra bandet ei rekkje prisar på peishylla. Seinast i år hamna to P3 Gull-prisar som dei blankaste i rekkja.

Karpe Diem er utan tvil Noregs råaste og største liveband. Etter heile tre ut selde Oslo Spektrum kan vi lett seie at det er storslagent besøk vi får i juli. Dei headlinar kun få utvalde festivalar i sommar, og til stor glede er Malakoff éin av dei. Stjerner i auga våre!

Converge

Malakoff Rockfestival sin omtale: Varsku her! Det er klart for brutal konsertmagi frå dei hissige metalcore-pionerane Converge!

Converge er eit av verdas mest anerkjende og beste i sin sjanger. Og sjangermessig er bandet ein spesiell raritet. Det er nemleg vanskeleg å skulle plassere Converge i éin bås. Det heile starta som eit thrash-inspirert hardcoreband, men har i løpet av karriera fått iblanda illsint punk og metal. Dei har nærmast laga sin heilt eigen sjanger, med deilig hardmusikk levert i form av ein skitten, hensynslaus og intens kraftdemonstrasjon. Converge er rett og slett eit forbaska kult og aggressivt live-monster!

Dei siste åra har vi presentert Gallows, The Bronx, Architects og Gojira som avsluttande band på Amfiscena. I år har vi altså pina det fått tak i sjølvaste Converge, og det arge og grensesprengande ensemblet frå statane fortset tradisjonen med å setje den hardbarka prikken over festivalhelga. Det vert så bortinatta rått!

Refused

Malakoff Rockfestival sin omtale: Dreams come true! Sjølvaste Refused(!!) kjem til Malakoff17 og gjer ein eksklusiv konsert på vesle Nordfjordeid. DET er fett det!

Få band har i moderne tid hatt så mykje å seie for utforminga av pønkrocken. Refused vert rekna som eit av dei banda som har definert og utvida grensene for sjangrane metal og hardcore. Dette er eit band som sjangermessig trivst best i ytterpunkta. Dei er lovprisa herifrå til månen, og har retteleg fått eit digert jafs av æra for dagens sjanger. Tufta på grensetøying og det å “leve farleg” i brot med konvensjonane. Men for å betre forstå korleis Refused har endra pønk-premissa må vi ta ei lita tidsreise tilbake til det flotte nittital.

Frå 1991 til 1998 utgjorde vokalist Dennis Lyxzén, gitaristane Jon Brännström, Kristofer Steen og trommis David Sandström bandet Refused. Det byrja i Umeå, ein passeleg stor by i Aust-Sverige, mest kjend for sine kulturelle institusjonar og museum. Her vart eit rockeband født, og tradisjonen tru vart barnet døypt med hardcore-boka i venstre hand. Og jammen vart det hardcore, men oppveksten skulle bli noko for seg sjølv. Dei gaula venstreorientert lyrikk og slo seg på brystet med sin ljomande antikonformisme. Og publikum gaula med av full hals.

1996 vert av mange, og bandet sjølv, rekna som år null i historia om Refused. Dette var året dei verkeleg fann sin eigen karakteristiske sound og fekk pønk-, hardcore- og metal-fans over heile Europa på kroken. Det skulle bli fem EP-ar og tre album før karane etter intern baluba gjekk kvar til sitt i 1998. Ganske rett etter deira då siste utgjeving, The Shape Of Punk To Come. Det heile endte med eit punktum og påfølgjande stillheit. Men midt i stillheita var det likevel mange som prata. Om deira siste, og verdas viktigaste utgjeving i følgje fleire. Med fleire ulike sideprosjekt på gang, var det stadig eit sakn og ein veksande etterspurnad om den då nedlagte undergrunnskjempen. Refused Are Fucking Dead. Men dei var ikkje daude.

Til trass for eit no ikkje-eksisterande Refused, skulle bandet berre vise seg å vekse i bakhovuda til svoltne fans. Refused, og The Shape Of Punk To Come hadde gjort noko med folk. Det var knusande nytt, og gav blanke i etablerte reglar og konvensjonar. Bandets siste fekk etter kvart status som eit av dei mest innverknadsfulle i overgangen til år 2000. Fusjonen av metal, hardcore, techno, jazz, emo og hip-hop gjorde albumet til ein klassikar. Den intrikate og politisk lada pønken gav svenskane topplass på utallege Best Of-lister. Refused ville utfordre dei eksisterande tankane om kva pønkband kunne og ikkje kunne spele. Reglane om kva som var akseptert eller ei fall på si eiga urimelegheit, og streid fullstendig imot heile pønk-ånda og sjangeren sin opprinnelege idé. Og dei gjorde nettopp det plata sa. Dei forma pønken deretter.

Året er no 2005, og ein kan tydeleg merke ein oppsving i merksemd. Fleire amerikanske radiostasjonar og klubbar vender seg til spelelister av Refused, Metallica, Foo Fighters, Muse og Sum 41. Etterspurnaden stig til nye høgder, men likevel tek det enda sju år før bandet står samla på scena under det gamle flagget, og det skjer på sjølvaste Coachella. Og fy flate som det small i veggane. Ti planlagde konsertar vart plutseleg til 82. Dette må tydeleg ha smakt godt, for ikkje lenge etter kom sjølve symbolet på ein nyfunnen kjærleik - deira fjerde studioalbum “Freedom” fekk fans verda over til å atter fryde seg. Eit meisterverk av eit album som viser at Refused framleis er eit av dei mest vitale og aktuelle banda i sin sjanger.

Det er berre så usannsynleg stort for Malakoff å få besøk av eit av verdas viktigaste punk/hardcoreband som avsluttande band på Malakoff17!Lenge leve pønken!