Laurdag hadde ho platesleppkonsert i Sør-Vågsøy kirke for si sjette soloplate Dur og moll. Også i juli i fjor hadde ho konsert i kyrkja, då ein jubileumskonsert som markerte tjue år som artist.

Bjørn Inge Berge og Coldwater groovekompani akkompagnerte Sølvi på fleire av songane.

Denne gongen var det nye songar frå den ferske plata ein fekk høyre, ispedd historier om korleis songane var blitt til. Innhaldet i songane spenn frå det nære til større tema som konflikt og flyktningkrise.

– Eg har reist til Oslo med nattbussen for å spele inn nokre songar, og så har eg blitt inspirert til å lage nye, seier Hopland Aemmer.

– Vi lagar songar om det same, berre frå ulik ståstad, seier ho om Berge.

Thea Felicia del Rio Aarvik, Rakel Hopland og Inger Furnes ønskte gjestane velkomne og selde den nye plata.

– Det var veldig kjekt å spele med band og eg ville ha med akkurat desse. Det blei ein slags jam, vi hadde ikkje øvd så mykje i lag på førehand, men det var veldig kjekt, seier Hopland Aemmer som blei rørt av alle dei kjende andleta blant publikum. Etter konserten var det pizza og jam på Ulvesund fyr.