Programmet består mellom anna av vikingdag, vitskapsdag, volleyballturnering, turar, speed dating, førstehjelpskurs, science-show og rockabilly-kveld.

- Det kjekkaste på leiren er å få nye vener frå heile landet. I tillegg er det veldig kjekt på judo og mykje kjekk dansing på kveldstid, fortel Tone Hessevik (16) frå Bryggja.

Hessevik seier at det flottaste med 4H er at ein kan vere seg sjølv, og at alle er inkluderande.

Allsong og tevlingar

Mottoet til 4H er "Å lære ved å gjere" og ungdomane får verkeleg prøvd seg i løpet av leiren. Dei får teste seg i både øksekast, bogeskyting, rævkrok, kunnskap og flørting. I tillegg vert songstemma hyppis sett på prøve med fengande konsertar på leirområde.

Deltakarane på leiren får også vere med til Halden for å vere publikum på "Allsang på grensen."