Den unge eidajenta blei tidlegare i år plukka ut som ein av ti finalistar i MGP junior, med den sjølvskrivne låta "Verda vår".  No melder Fjordabladet at ho er på veg til Trondheim for å vere med på leir saman med dei andre finalistane.

- Vi skal øve inn felleslåten for MGP junior 2017, og vi skal lære om alt som ventar oss. Men det viktigaste er nok likevel at vi skal bli betre kjent med kvarandre, både finalistane og heile teamet, fortel Oselie Henden til Fjordabladet.

Her er Oselie saman med dei andre finalistane. Foto: Anne Liv Ekroll/NRK

Songen som Oselie har skrive handlar om korleis ho sjølv opplev flyktningskrisa i verda i dag.

- Eg har sjølv vakse opp med fleire vener som er flyktningar. Ein forstår meir kva dei og andre har vore i gjennom når ein vert eldre, seier ho.

Finala i MGP junior der Oselie Henden er med, går av stabelen i november i år.