- Det var veldig kult av han å melde seg på, men eg hadde ikkje trudd at han skulle vinne, seier Siv Merete Humborstad (13) frå Kjølsdalen, om faren sin songprestasjon som skaffa henne to "Meet and greet"-billettar til Marcus og Martinus-konserten i Ålesund denne helga.

- Eg gler meg veldig til konsert, og ikkje minst til å møte dei. Det vert veldig kjekt, eg er stor fan, seier ho.

Det var Radio Ålesund som i førre veke lanserte ein konkurranse, der dei bad foreldre sende inn sine tolkingar av Marcus og Martinus-låtar. Premien var to Meet and greet-billettar til konserten som duoen held i Ålesund, laurdag under Jugendfest.

Solisten sjølv, Lars Frode Humborstad, fortel at det heile blei gjort på impuls.

- Eg synest det er viktig å vere positiv, og med på ting og tang som ungane engasjerer seg i. Det var jo eigentleg berre for moro skuld, men så har eg litt konkurranseinstinkt også då, flirer han.

Sjølv får han ikkje anledning til å vere med på konserten.

- Eg er desverre på jobb, så det er kona mi som får den andre billetten. Men eg hadde vore med sjølv viss eg kunne, seier han.