– Det er stor stas at Maria Parr ønsker å ha sleppfest i lag med deg, meg og alle som har lyst. Forfattaren les, det vert musikk og alt som høyrer med på ein slik fest. Og ute i tunet finn du som vanleg både Gråtass, hestar og andre dyr, skriv Aina Krakset ved Hakallegarden i ei pressemelding.

Keeperen og havet er Maria Parr si tredje bok og oppfølgaren til storsuksessen Vaffelhjarte som kom for nokre år sidan. Bokmeldingane er gode.

– Nok ein klassikar frå Maria Parr, skriv NRK som meiner Parr ved å bruke kjente grep likevel klarer å skape noko heilt genuint og nytt.

VG, som gir boka terningkast fem, skriv:

– Oppfølgaren til Vaffelhjarte skuffar ikkje. Maria Parr skriv levande og humørfylt og skaper eit trygt univers det er godt å vere i.

– Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene, skriv Sunnmørsposten.