Mentorane var ikkje i tvil då måløyjenta Andrea Santiago Stønjum framførte sin blind-audition på TV 2 i kveld.

Både Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og Martin “Danielle” Bjercke snudde seg då måløyjenta sang “False Alarm” på blind-audition på TV 2.

Dei var tydeleg imponerte allereie etter første strofe, og det var aldri tvil om at minst ein av dei kom til å snu seg.

- Det der var heilt villt, og så er du så ung? Kor skal dette ende, spurte Lene Marlin 16-åringen frå Måløy.

- Eg fikk sjølv platekontrakt då eg var 17 år, men hadde ikkje den stemma du har no, og det hadde eg i hvertfall ikkje då eg var 16, la ho til.

Yosef Wolde-Mariam blei så trollbunden at han nærmast gløymde å trykke på knappen.

- Eg blei frelst, og ja, det er sant eg gløymde nesten å trykke.

Etter at alle mentorane hadde lagt inn sin søknad hos måløyjenta var det tid for å velge. Den tydeleg nervøse måløyjenta understreka at ho vil fokusere på å sleppe seg laus på scena og å verte meir sjølvsikker, og trudde Yosef Wolde-Mariam var rett val for ho, til stor jubel frå den utvalte mentoren.

- Så fantastisk!

Andrea jobbar med det saman med Yosef-Wolde Mariam framover mot duellsendingane som vert sendt litt seinare i haust.