Adam Douglas var heilt sist ut av dei ni gjenverande artistane på Stjernekamp, laurdag kveld.

Men den som ventar på noko godt ventar ikkje for gjeves, og det kunne både sjåarane og alle dommarane skrive under på. Douglas var den første som blei sendt vidare til neste veke når sjangeren er hip-hop.

- Eg seier berre Ouf! Akkurat no føler eg at hjartet mitt er knust, men på ein god måte. Det er akkurat slik det skal gjerast. Eg har sitte i Stjernekamp kveld etter kveld etter kveld, og må seie at dette må vere noko av det aller beste. Du holdt igjen og viste at du har hørt på tidlegare tilbakemeldingar, sa Mona B. Riise etter opptredenen.

Dommarkollega Thomas Felberg var heilt einig med makkeren og serverte enda fleire kompliment.

- Du hadde meg frå absolutt første tone, det her var rått, det er det beste eg har hørt i Stjernekamp. Gi ut denne sangen som singel, med deg er det ein soleklar hit. Du gjorde Oklahoma stolt i kveld.

Douglas framførte låta I can't do this av Vince Gill og var glad for å endeleg ha gitaren sin tilbake på scena.

Sjangerekspert for kvelden, Bjøro Haaland, seier han er misunnleg på Douglas.

- Du har det med deg. Du kom til verda med ei gave som mange misunner deg, inkludert meg, for du spelar gitar i tillegg. Du har verkeleg noko spesielt. Når du set i gong så syng du rett, du får med deg alle ting. Det er ein multikunstnar som får til sånn.

Adam Douglas hadde sin første spelejobb i Norge under Bremanger Rockweekend i 2007, kor han vart forelska i Kristin Solberg frå Bremanger som han i dag er gift med.

Laurdag kveld hadde han med seg foreldra frå Oklahoma i salen på Fornebu.

Det var Erlend Bratland som måtte forlate Stjernekamp denne helga.