Det er femte gongen koret arrangerer denne spesielle utekonserten.

– Det er blitt ein tradisjon. Og det ser ut som innbyggarane i Vågsøy og omland set pris på konserten, og forventar at den skal kome kvart år, seier Berit Ramsevik Kvalheim i koret.

Ho fortel også at tal besøkande aukar for kvart år.

– Det synest vi er veldig stas for det er jo ein konsert litt utanom det vanlege. Dei fleste konsertar går føre seg innandørs, medan denne konserten skjer i skogen oppe i Okshola når det begynner å mørkne. Det gir ei heilt spesiell stemning.

Satsar på bra vêr

Viltkoret er ikkje redd for litt regn og vind, men i fjor var vêrmeldingane så dårlege at dei såg seg nøydde til å avlyse for første gong. Regnet ausa ned. Men i år ser det mykje betre ut.

– Vi håpar jo på finare vêr. Men det kan bli kaldt sjølv om det er ein klar og fin kveld, så eg anbefaler alle å ta med sitteunderlag og godt med kle. Og vi serverer gratis kaffi og kakao slik at folk skal halde varmen.

Mykje arbeid bak konserten

Ramsevik Kvalheim fortel at det må gjerast ein aldri så liten dugnadsinnsats for å få til ein konsert av denne typen.

– Ja, det ligg mykje arbeid bak. Graset må slåast, scena skal byggast, og lyd og lysanlegg skal monterast i skogen. Vi kryssar fingrane for at vêrgudane er med oss denne gongen, seier ho, og legg til:

– Det er eit sjansespel å arrangere utekonsert her vi bur, men vi lar oss ikkje skremme av det. Det er berre å stå på, smiler ho.

Sjangermessig legg Viltkoret seg på «litt for alle»- linja.

– Det vil bli songar frå forskjellige sjangrar. Alt frå rolege songar, til songar du kan danse til om du vil. Det er noko for alle aldersgrupper. Med flinke folk som styrer lyd og lys, og koristar utkledd som huldrer, så ønsker vi å gi publikum ei magisk oppleving denne haustkvelden, seier Ramsevik Kvalheim, som også opplyser at koret hjelper til om nokon får utfordringar med å nå fram til konsertplassen.

– Om det er slik at nokon får problem med å kome seg opp i Okshola på eiga hand, så ta kontakt med nokon av oss i koret så prøver vi å hjelpe til med det, avsluttar ho.