– Mange vart rørt og gode klemmar var utveksla då vi møttest og utover kvelden, fortel Leif Ramsevik, som deltok på jubileet for konfirmantane frå vestre krets, øyane i sør og Deknepollen.

Her er dei som var konfirmantar på øyane i sør, i vestre krets og i Deknepollen for 50 år sidan samla til markering i Sør-Vågsøy kyrkje.

Dei to gruppene hadde separate markeringar, men dei hadde også nokre felles programpostar, som treff på Jibben fredag og gudsteneste i Sør-Vågsøy kyrkje søndag.

– Det vart ei spesiell og fin gudsteneste med mykje song og musikk, seier Ramsevik.

Gruppa frå Måløy hadde blant anna presentasjon av Lefdal Mine Data Center/«Måløy-miljøet» ved Sindre Kvalheim og busstur rundt øya med Knut Ole Frantzen som sjåfør og Turid Breidalen som guide på programmet. Laurdag kveld var det fest på Røde Kors-huset for dei 30 som deltok på konfirmanttreffet.

Gruppa frå vestre krets, øyane i sør og Deknepollen utveksla mange gode historier om tida under og etter konfirmasjonen, og Karin Nordvik tok dei tilbake til konfirmasjonstida og presten Sigurdur Torsteinsson. Laurdag ettermiddag var det jubileumsfest i ASVO sine lokale på Kulen for dei 30 som hadde høve til å delta.

– Totalt sett eit svært vellukka arrangement som gjekk knirkefritt. Nokre tok til orde for ei markering også neste år, fortel Ramsevik.

Det vart utveksla mange gode historier då mange av dei frammøtte møttest for første gang på 50 år.