– Det hadde vore kjekt om både små og store tilskodarar dukka opp i kostyme. Det hadde gjort noko med stemninga, trur eg. Det treng ikkje vere så fancy, men ein blir ofte i eit anna humør når ein kler seg litt ut, smiler regissør Anne Grete Fjelltun.

– Ein får møte mange kjente og kjære rollefigurar i løpet av stykket som varer i om lag ein time. Det blir alt ifrå sjørøvarshow til Pippi, ulike eventyr og Karius og Baktus.

Prøvar noko nytt

Fjelltun fortel at den raude tråden i førestillinga har blitt til litt etter kvart.

– Vi begynte med eit par idear, og så har det vakse og balla på seg med tida. No er vi veldig nøgde med det endelege resultatet, og håpar dei som kjem for å sjå likar det vi viser fram på scena.

– Til no har vi fokusert mest på komedie for vaksne, men det har lenge vore eit ønske om å prøve noko nytt, fortel Tore Kvalheim, og legg til:

– Det hadde også vore spennande å prøve å få til eit meir seriøst stykke også, men no har vi altså satsa på barneteater, noko eg trur blir ein stor suksess og veldig kjekt.

Kvalheim fortel at teateret er opne for å sette opp barneframsyningar fleire gongar.

– Dersom dette slår an, noko som eg trur det vil gjere, så er det ingenting som er betre enn å få ein gjeng med ungar til å le og kose seg.

Tek ungane seriøst

Sjølv om dei åtte skodespelarane som skal på scena trur framsyninga passar aller best for dei i barnehagealder til og med 1. og 2. klasse, så meiner dei at dei presenterer ei skikkeleg familieframsyning.

– Vi har til og med lagt inn nokre element for vaksne. Dette vert nok veldig gøy for alle, seier John Heimvik.

Skodespelarane påpeiker at dei denne gongen må nærme seg publikummet sitt på ein litt annan måte enn det dei er vande med frå tidlegare.

– Vi tenker oss at det er lettare å få med seg barna inn i universet til karakterane. Vi håpar verkeleg at vi klarer å skape skikkeleg kontakt med dei som sit i publikum.

Og Teateret i Måløy seier dei tek ungane i salen på alvor.

– Det er like viktig for oss som før at replikkane sit, og at stykket har flyt og er godt gjennomarbeidd. Vi har øvd lenge, og det skal vere kvalitet over det vi viser.