Nemo konsentrerar seg mest om country-låtar, medan Django club står for gypsy jazz utover kvelden.

Dei fire ungdomane i Nemo kjem frå Rugsund, og går på skule på Sandane. Denne helga kjem dei heim for å spele.

Arrangør for musikkaféen, Norvall Klungresæter trur det blir spennande å høyre igjen ungdomsbandet som også spelte under Rockweeked.

– Konserten med Nemo kjem også til å fungere som oppvarming for Django club, som er ført an av florøværingen Lasse Refsnes, som slektar frå Ålfoten, seier Klungresæter og fortel at Refsnes har vore i Moldova, der han møtte dei to andre som er med i trioen, Andrei Moroz og Igor Socican.

– Dei er to gitarar og ein kontrabass, og har med seg Grete Berntzen og Jim Steven Igland frå Bremanger på vokal. Eg har stor tru på at dette vert alle tiders, seier han og legg til at dette er første musikkaféen i haust, og at dei reknar med det vert ein i månaden. Arrangementet har inga aldersgrense. Det vert billettsal i døra.