Bremangerkjære Adam Douglas skal framføre Una furtiva lagrima, Nemorinos arie frå Donizetti sin opera Elskovsdrikken.

Sist veke mista Douglas både nattesøvn og matlyst på grunn av utfordringane i hip-hop sjangeren.

Han avslører at han ikkje trur det vert annleis når han no skal prøve seg på opera.

– Men det blir veldig gøy å prøve då!, føyer han til.

Douglas har fått strålande kritikk så langt i konkurransen, blant anna då sjageren var country og dommarane Mona B. Riise og Thomas Felberg meinte at framføringa hans av I can't do this  av Vince Gill var noko av det aller beste som har vore framført på Stjernekamp nokon sinne.

Dei seks andre gjenverande artistane som skal prøve seg som operasongarar laurdag er Gaute Ormåsen, Didrik Solli-Tangen, Benedicte Adrian, Ida Maria, Lisa Børud og Aleksander Walmann.