Dette er både første gangen Pegasus speler i ytre Bremanger og første gangen dei speler saman med Spik Adel.

– Dette er rett og slett musikalsk forbrødring. Det er viktig at vi støtter kvarandre på musikalske arrangement og samarbeider, seier Nils-Jørgen Sagebø frå Svelgen, bassist i Pegasus. Det var Spik Adel-manager Roald Naustdal som saman med Nils-Jørgen Sagebø fekk ideen, og kontakta Musikkafeen om å arrangere.

– Det er kjekt at to gode band kan spele i lag på same plass. Det gir samkjensle, smiler han. Sagebø meiner denne konserten er litt av ein godbit, som folk bør få med seg, og hintar til svært dansbar musikk. Billettar blir selde i døra.