Måløy-jenta fekk ståande applaus frå alle dei fire mentorane etter framføringa av Adele sin låt Set Fire To The Rain.

– Vart de imponert? spurte programleiar Øyvind Mund mentorane.

Mentorane Lene Marlin, Martin Danielle og Morten Harket peika alle på Andrea som ein av kveldens favorittar.

– Dette er den aller beste framføringa di i The Voice. Du har ei fantastisk stemme. Eg ser deg bak scena, og der er du veldig nervøs og i di eiga verd, men så kjem du ut hit med den sjølvtilliten. Utruleg bra, sa Marlin.

– Eg håpar folk blir imponert, sa 16-åringen i klippet som vart vist før ho gjekk på scena.

Og folk vart imponert. Andrea er ein av seks deltakarar som er vidare i songkonkurransen.