– No har eg det berre kjempebra. Eg er veldig glad, og eg har all respekt for Thomas som er ein verdig vinnar, fortel Andrea.

16-åringen frå Måløy fekk ut sitt aller beste då det gjaldt som mest i H3 Arena på Fornebu laurdag kveld. Ho leverte maksimalt – to gonger.

– Det følast bra. Og eg føler meg som ein vinnar uansett. Eg hadde aldri planlagt å kome så langt, så no er eg berre utruleg stolt, seier ho.

Superfinale

16-årige Andrea er ei av dei yngste finalistane i norske talentprogram nokosinne, men det såg slettes ikkje slik ut då ein sjølvsikker songfugl frå Måløy gjekk på scena som siste deltakar i den innleiande runden laurdag. Og ho hadde litt å måle seg med etter at Lene Marlin og Morten Harket sine kandidatar leverte solid.

Etter tre balladar heva Andrea energinivået eit hakk med Halo av Beyoncé med fullt trøkk og ein fjellstø stemmekontroll.

Så skulle vi få sjå om Halo heldt til superfinale. Medfinalist Thomas var den fyrste som kom seg til det gjevaste selskapet i konkurransen. Og etter dei antatt lengste sekunda i livet til Andrea så langt, blei 16-åringen ropt opp som den andre superfinalisten rett før TV 2 gjekk til nyheitene.

I superfinalen blei det meir tempo for Andrea, som rocka på med Pink sin store hit Try.

Publikum jubla vilt då ho kom til refrenget, og Andrea beviste at ho også har ei rockeframtid føre seg. På siste refrenget snudde ho seg mot heiagjengen og gav alt – så reiste publikum seg. Eit fyrverkeri av ein opptreden.

Yosef avslørte at dei ikkje var heilt einige i låtvalet på førehand, men at han var glad for at ho vann fram med forslaget sitt. Konkurransen vart tøff, for Thomas løfta taket med stadionklassikeren With Or Without You av U2. Kven skulle no trekke det lengste strået?

Nest best

I sekunda før resultatet blei klart, reiste publikum seg, og finalistane smilte tappert og spent. Så blei det altså Thomas som blei Norges nye «stemme» i The Voice. Men Andrea jubla likevel for ein fantastisk haust, og andreplass i den svært prestisjefylte talentkonkurransen der nivået har vore svimlande høgt.

Det var berre smil å sjå då Fjordenes Tidende endeleg fekk tak i Andrea etter den store finalen.

– Det har berre vore positive kommentarar, både frå folk eg kjenner frå før, og Yosef og dei andre i produksjonen her. Eg har ikkje tapt noko, eg har berre vunne, seier Andrea på veg ut av H3 Arena for siste gong, full av sjølvkjensle, gode ord og gode kjensler.

No blir det nokre dagar på skulen heime i Måløy. Så kjem ein etterlengta juleferie.

– No er eg heilt utlada. Turen går heim att i morgon. Så skal eg slappe av so sjukt i juleferien, smiler Andrea, mange erfaringar og mange opplevingar rikare.