Namn: Hilde Hagen

Alder: 56

Adresse: Kulen

Sivilstatus: kjærast

Yrke: lærar

Hobby: song, musikk, fjellturar og strikking

Aktuell med: er ein av instruktørane på Skavøypoll skule si oppsetting Nisse på ville vegar måndag 18. desember

– Kva er "Nisse på ville vegar"?

– Det er ein musikal der vi møter nissane på ein verkstad. Ein dag er dei ute i skogen og leikar når ein av nissane fell. Nissebarnet mister hukommelsen, men så møter han heksa Agnes som som får han til å kunne snakke med alt som lever - dyr, mennesker og skogen. Nisse vandrar rundt og møter mange ulike skapningar. Til slutt blir han råda av grana til å gå til byen å møte menneska der.

– Er det tradisjon på skulen å sette opp ein musikal?

– Ja, vi har hatt musikalar på Skavøypoll skule i mange år. Nokre har vore i Samfunnshallen og nokre i gymsalen. Årets musikal krev mykje plass, så i år blir det i Samfunnshallen.

– Kor mange elevar er med på oppsettinga?

– 62 elevar frå 5., 6. og 7. klasse er med. Dei er scenearbeidarar, kulissearbeidarar, skodespelarar, dansarar og solistar. I tillegg har vi dei som har arbeider med kostyme, lyd og lys.

– Kva syns elevane om å vere med på musikalen?

– Dei synst det er veldig kjekt. Elevane har sjølv søkt på roller og arbeidsoppgåver. Det er jo ikkje alle som vil stå på scena.

– Kor lenge har de øvd?

– Vi har øvd sidan oktober. Elevane har lagd kostymer og kulissar sjølve, og lærarane i storskulen har vore instruktørar. Gjennom dette arbeidet får elevane øving i blant anna norsk, kunst og handverk, musikk, venskap, etikk og moral.

– Kvifor skal folk kome og sjå denne musikalen?

– Fordi ungane gjer ein fantastisk jobb. Det er verkeleg verdt å kome. Kulturlivet i Vågsøy er stort, også blant barn når vi trur på dei. Vi har kava litt, men ungane har verkeleg stått på. Dei har så inderleg godt av å stå på ei scene.

– Har premienervane meldt seg?

– Det er nok litt småstress både hos elevar og lærarar, men vi gler oss veldig.

– Kor mange har de plass til, og kven passar dette for?

– Vi har plass til om lag 700 personar. Dette er ei førestilling som passar for alle. Både store og små.