De to prisvinnerne ble hedret under middagen med kommunestyret på Furebuda Lodge på Stadlandet.

Unni Bolsnes Eltvik kom til Selje på begynnelsen av 80-tallet og har siden den gang vært svært aktiv i kulturlivet i kommunen. Her er begrunnelsen:

Sidan Unni flytta til Selje hausten 1981 har ho bidratt i svært stor grad til musikk- og kulturlivet i Selie kommune. Ho er lett å spørje og alltid positiv til å delta når det gjeld å synge, spele piano, vere instruktør eller til å planlegge konsertar og andre kulturelle arrangement. Unni har vore ein stor inspirasion for svært mange born og unge i Selje. Noko er utført i regi av iobben som musikklærar i skule/barnehage/ kulturskule, men svært mykie av fritida hennar i desse åra har vore brukt på kulturlivet og til å inspirere born og vaksne i Selje kommune.

Unni har frå ho flytta til Selje vore enten deltakar, utøvar eller pådrivar i mellom anna desse kulturaktivitetane:

  • Sangsolist på utallige konsertar og offisielle arrangement - både i kommunal regi, kyrkjeleg regi og for private lag og organisasjonar.

  • Utallige pianoopptredener og akkompagnement i privat og offentleg regi.

  • Pianist og fast medlem i Selje Jazzband frå 1996

  • Pianist i friluftsteateret "På Sverdeggja"

  • Dirigert Selje ungdomskor og Selje kyrkjekor

  • Dirigert skulekor på Selje skule

  • Pådrivar i høve Ungdommens kulturmønstring

  • Aktiv representant i Shetlandslauget og ved musikarbesøk

  • Medlem og musikalsk leiar ivokalgruppa "After Eight"

  • Medlem i Sunnivakoret og styremedlem for koret i perioder

  • Dirigent for blandakoret Frisk Bris sidan 2012

  • Noteopplæring iSelje skulekorps

  • Utallige dirigentoppdrag "på sparket" når andre har meldt forfall

  • Organisert mange innslag og arrangement på Sunnivadagane

  • Song og musikkinnslag på 17.mai-festar

  • Song- og musikkinnslag på juletrefestar

  • Pådrivar for å at psykisk utviklingshemma kan få lov til å delta med på scena i musikksamanheng

  • Veldig flink til å ta med musikk- og kulturelevane til eldreinstitusjonane for å glede dei med song og musikk

Dette er nok bare ei del av det Unni Bosnes Eltvik har delteke i sidan ho flytta til Selje kommune.

Ho har lagt ned utallige timar i kulturlivet i kommuna i løpet av desse åra, og fortener å få Selje kommune sin kulturpris.

Adrian Mortensen ble leder i Selje IL på begynnelsen av 2000-tallet og gikk av våren 2017. Han hedres for mange års frivillig arbeid ved idrettslaget i Selje. Her er begrunnelsen:

Adrian har vore leiar i Hovudstyret Selje IL i 15 år (2003-2017), medlem Selje IL-Driftsstyret/vedlikehaldsgruppe i 13 år (2005-2017) og medlem eller leiar i Selje Idrettsråd i 15 år (2003-2017).

I tillegg til dette har Adrian ofte vore delaktig i arrangement og tilstelningar i Selje IL i heile perioden. Han har hatt/har ei sentral rolle med omsyn til ulike dugnads-/vedlikehaldsarbeid på Selje Idrettspark. Han har også vore deltaktig i ulike inntektsbringande tiltak i idrettslaget.

Det er ofte vanskeleg å få folk til å ta på seg leiarverv i lag/organisasjonar. Adrian tok på seg dette vervet i idrettslaget i 2003, og har teke gjenval gong etter gong. Til årsmøtet i mars 2016 hadde han bedt om avløysing. Men etter at det ikkje lukkast å få ny leiar, tok han eit nytt år som leiar i Selje IL. Då det lukkast å få ny leiar på det ekstraordinære årsmøtet i april -17, takka Adrian av som leiar.

Adrian held fram som medlem i Selje IL-Driftsstyret for ein ny periode.

Adrian har gjort ein flott innsats og jobb for Selje Idrettslag i ei årrekkje og fortener påskjøning.

Ut frå ovanståande meiner styret i Selje IL- Fotballgruppa at Adrian Mortensen er ein verdig kandidat til Selje kommune sin idrettspris for 2017.