– Det var ikkje langt heim, men vêret låste oss inne, smiler Maria Garlid.

Ho har levd så mange julekveldar. I haust fylte ho 100, men orkannatta på Kråkenes fyr sit framleis i minnet.

Maria vaks opp på veglause Kråkenes ved storhavet. Kjærleiken førde henne til veglaus fjellgard i Stryn, men ho har aldri vore redd for å ta eit tak.

I alders år valde ho også å skrive ned minna frå oppvekst og ungdomsår ved havet.

– Det var åtte gardsbruk på Kråkenes i min ungdom. Alle hadde kyr og sauer. Dei fleste dyrka havre til eige bruk, men det var veglaust og ingen elektrisitet, fortel Maria frå godstolen på Stryn Aldersheim.

Syn og høyrsle er ikkje som det var, men minnet er godt.

Maria Garlid (100) med dei to hefta ho fekk skrive ned for få år sidan.

Huspost på fyret

Maria hadde eigentleg planar om å bli diakonisse. Ho var gripen av ei sterk vekking i bygda på den tid, men enda i staden i Garlid i Stryn.

Maria var 18 år då ho fekk huspost på fyret. Frua i huset hadde fått slag. Mannen trong hjelp.

Maria Garlid, eller Maria Kråkenes, som ho heitte den gongen. Det er frå tida då ho arbeidde på Kråkenes fyr.

Ho hugsar framleis den store komfyren i kjøkkenet der ho steikte brød. Komfyren var fyrt med kol. Vatnet pumpa dei frå ein brønn der dei samla regnvatn. Klesvasken vart kokt i ei gryte i kjellaren. Store mengder med kle, og det skulle alltid vere kvit linduk på bordet.

– Frua sat i ein stol og kommanderte, men eg greidde å gjere henne til lags, smiler Maria.

Observerte vêret

Men det var ikkje berre husarbeid for ei løn på 15 kroner månaden. Maria tok vêrobservasjonar når fyrvaktaren hadde anna å gjere.

Det var termometer og barometer som skulle lesast av ute på veggen, nedbørsmåling og på ein fjellknaus bak huset var det vindretningsmålar.

Her ser vi heimen til Maria og den korte vegen til skulehuset som også var forsamlingshus på Kråkenes då Maria vaks opp.

– Vindstyrken tok vi etter skjøn, og så var det skydekke og sikt. Observasjonane vart gjort til faste tider, gjort om til talkodar og telefonert til Måløy som sende vidare til Bergen. Observasjonen klokka fem om morgonen var spesielt viktig på grunn av eit fly som gjekk frå Bergen på den tid, fortel ho, som har så mykje fortelje. Det var mange born på Kråkenes i hennar oppvekst. Kvar vinter var det 14 dagar handarbeid. Jentene sydde og gutane snikra. Siste året sydde ho sin eigen kjole.

– Vi var tre som las for presten i lag. I ruskevêr gjekk vi fjellet til Kvalheim eller Refvik, og derifrå til kyrkja på Raudeberg.

Ryggsekken full av varer var vanleg om dei ikkje fekk nytte motorbåten til fyret.

Julehøgtid

Ho har framleis skrinet kledd med rosete tøy som ho fekk i julegåve. Det var i 1925. Dei flytte inn i nytt hus det året. På juletrefesten var det så mykje folk at det var to ringar kring juletreet, mat i kjellaren på skulehuset og kor som song firstemt.

Det var misjonsforeining som arbeidde for Misjonssambandet, og til sommarstemnet kom det mykje folk frå nabobygdene.

I 1933 starta vegarbeidet. Elektrisiteten kom først etter krigen, men i 1938 fekk faren og to andre fatt i ei vindkjegle som gav lys i huset.

Kråkenes fyr før det vart bomba av engelskmennene i 1942.

Det er mest gode minne Maria sit attmed, men krigen sette spor i Kråkenes.

Tyskarane grusa resten av vegen til Kvalheim, men så tok dei fyret og seinare heimen hennar og Jakobstova.

– Dei jaga ut både folk og fe. Bygde barakkar, grov grøfter og la ned miner. Vi fekk ikkje flytte heim før 8. mai 1945. Det var år som merka far for livet, kjem det stilt frå kvinna som verkeleg har sett menneske kome og gå.