Chili con carne er ein smakfull gryterett som er lett å lage, gjerne nokre dagar i førevegen. Server med ein klatt rømme, eit dryss koriander og sjølvlaga tortillachips.

Slik lagar du retten:

500 g grytekjøt/karbonadedeig/kjøtdeig

1 løk, finhakka

1 raud og 1 grøn paprika, i terningar

1 kanelstong

ca. 1/2 ts. spisskummin

2 fedd kvitlauk, finhakka

½ raud chili, finhakka

ca. 1 stroken ts. chilipulver

1 boks hermetiske tomatar

100 g soltørka tomatar, finhakka

2 boksar chilibønner

Salt og pepar

Steik kjøtet raskt i to omgangar i litt smør, krydre med salt og pepar, og legg til side. Fres løk, paprika, kvitløk og chili i smør, til løken er blank og mjuk. Tilsett krydderet og la det frese eit minutt. Tilsett hermetiske og soltørka tomatar, samt væska frå den eine boksen med chilibønner. Tilsett kjøtet og la det surre ca. 30 minutt til det er mørt og fint. Tilsett meir av væska frå bønnene om det kokar tørt undervegs.

Tilsett til slutt chilibønnene, og smak eventuelt til med meir krydder. Retten er klar når bønnene er gjennomvarme. Fjern kanelstonga.

Slik lagar du tortillachips:

Del tortillalefser i 8–12 jamstore «snippar». Pensle begge sidene med solsikkeolje/nøytral olje. Legg dei på bakepapirkledd steikebrett, og dryss gjerne på litt maldonsalt og tacokrydder eller chiliflak.

Rett før servering steiker du dei ved ca. 200 grader i 4–5 minutt, til tortillachipsen er gylden og sprø. Følg med mot slutten. Dei smakar best nylaga, men held eit par dagar.