Det ein finn på leitinga skal setjeast saman til ei førestilling innan konseptet «Fargespill».

– Vi leitar etter born, ungdom og unge vaksne i alle nordfjordkommunane. Aldersspennet blir 7 til 25 år. Det blir i ein miks av norsk ungdom, og symfoniorkesteret til Opera Nordfjord skal vere med. Vi tenkjer oss ei førestilling med musikk, song og dans frå ulike kulturar som varer omkring 1 time og 15 minutt, seier operasjef Kari Standal Pavelich ved Opera Nordfjord.

Ressurspersonar frå heile Nordfjord var til stades på orienteringsmøtet i Operahuset denne veka. Kari Standal Pavelich ønskjer å kome i kontakt med aktuelle miljø.

«Fargespill» er ei eiga stifting etablert i Bergen av ekteparet Sissel Saue og Ole Hamre. Dei to var på operahuset og orienterte om konseptet. Ei rekkje ressurspersonar frå heile Nordfjord var til stades.

– Eg vart merksam på «Fargespill» for fem-seks år sidan og har hatt god kontakt med Sissel og Ole etter det. Dei byrja med dette på idealistisk basis. Under Festspillene i Bergen i 2004 fekk «Fargespill» eit kraftig oppsving, og det kom i formaliserte former, fortel Standal Pavelich.

Tiårsjubileum for Operahuset

Stiftinga har førestillingar over heile landet.

– Men så langt berre i større byar. Dette blir første gong på ein mindre stad. Vi har signert kontrakt. Vi har no det økonomiske og kunstnariske ansvaret. Sissel og Ole kan bli brukt som rådgjevarar. Ein del av poenget er at ingen «Fargespill»-oppsettingar er like. Kvar stad set sitt preg på. Men vi har også tilgang til faste arrangement i notebanken.

Michael Pavelich har det kunstnariske ansvaret for fargespelet i Nordfjord. Operaen held fram samarbeidet med Helge Sunde, som komponerte musikken til Sildagapet. Han blir med som arrangør og orkestrator.

– I april neste vår feirar operahuset ti år, då set vi opp denne førestillinga. Det blir den store satsinga våren 2019, seier Kari Standal Pavelich.

Sissel Saue fortel at dei har opplevd utfordringar i arbeidet med førestillinga.

– Vi har erfart at det er vanskeleg å kome inn i miljøa. Foreldre skjønar kanskje ikkje kva det gjeld, og gjev ikkje borna lov til å vere med. Det er ein stor og krevjande jobb å skape tillit og bli kjent med aktuelle deltakarar. Men erfaringa er også at det er veldig mange ressursar i innvandrarmiljøet innan dans og musikk. Ofte har dei drive med dette i heimlandet, men finn ikkje ein arena for å halde på med dette her i landet. Det ligg ei stor skattekiste der og ventar på dykk.

Stor jobb

Operasjef Kari Standal Pavelich seier dei framover vil jobbe med å knyte kontaktar i ulike innvandrarmiljø i heile Nordfjord.

Ho innser det blir ein stor jobb.

– Vi må først søke oss fram til kvar vi kan finne og møte ungdomane. Eg ser for meg at vi må gå heilt ned på klasse- og lærarnivå for å skaffe oss kunnskap om kvar ressursane ligg. Så må vi etter kvart gjere ei utveljing slik at vi får den rette dynamikken mellom song, dans, alder og bakgrunn. Vi kan neppe ta med alle songarar og dansarar vi finn. Men det vi også planlegg er eit stort kor, og det vi kan seie er at alle vil få plass i koret, seier Standal Pavelich.

Ho innser at lokale krefter må ta seg av øving og oppfølging.

– Det blir ein dugnad. Tilbakemeldingane er at mange har lyst å vere med. Sjølve førestillinga vil bli i Operahuset Nordfjord. Men vi kan ikkje hente alle hit til kvar øving. Det må skje lokalt der dei bur. Så får vi heller samlast og øve saman den siste tida før premieren. Vi må byrje kartleggingsjobben allereie no. Men vi har mange andre store prosjekt framover, så det blir frå nyttår og utover neste vinter vi kan konsentrerer oss om dette fullt ut.