Det er svært få billettar igjen til «Folk og røvarar i Kardemomme by» i Operahuset på Nordfjordeid. Ein fullsett sal ventar dermed Riksteatret og dei fire borna frå Kjølsdalen onsdag 14. februar, heiter det i ei pressemelding.

Gler seg

Erik Mathias, Vårin, Siri og Hanna går alle ved Kjølsdalen montessoriskule, og har dei siste vekene øvd iherdig, både etter skuletid i lag og heime kvar for seg.

Trass sin unge alder er dei usedvanleg utadvendte når det gjeld å bruke stemma til å synge, og dei syng reint som Sølvguttene. No er dei veldig klare til å stå på operascena med full sal.

Fest i Kardemomme by

Riksteatret inviterer til fest i Kardemomme by. Der bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen, barberar Sørensen, Tommy, tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimester Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med på festen.

Røvarane helsar på

Teaterframsyninga «Folk og røvarar i Kardemomme by» er full av energi, humor, dans og mykje musikk. Publikum får møte ei frekk papegøye, ein snakkande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Etter framsyninga kan borna få helse på røvarane Kasper, Jesper og Jonathan!

Magiske Egner

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer Riksteatret å innlemme ein ny generasjon i vår felles kulturarv. I Thorbjørn Egner si verd er det magisk stemning.