– Dette er det første arrangementet i ein festivalserie som vi ønskjer å starte. Det er veldig viktig for Malakoff Rockfestival å få opp interessa for å gå på konsert, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Americanafestivalen er eit lokalt initiativ, som har fått med seg festivalen på laget.

– Den strekk seg frå singersongwriter og rock til country. Dei som har kjøpt billett blir nok overraska over kor mange fine musikkinnslag vi har fått med oss, seier han, og fortset:

– Vi har også slått på stortromma og fått med oss Norges absolutt finaste americanaband, Darling West. Dei spelte på storscena på Øya i fjor, og er verdt billetten i seg sjølv.

I tillegg til det nasjonale bandet står fleire lokale band og artistar på scena. Til saman står sju band og innslag frå kulturskulen på programmet.