Dag Molvik er med i styret til Hakallestranda utvikling, som saman med Hakallegarden arrangerer marknadsdag 24. mars, og aktivitetar i Strandhuset i Hakallestranda i påska. Han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag:

Namn: Dag Molvik

Alder: 50

Adresse: Hakallestranda, Åram

Sivilstatus: forlova

Yrke: IKT-konsulent

Hobby: fotball, jogging og fjellvandring

– Fortel om marknadsdagen!

– Det er ein marknad med cirka 20 stands med mat og handverk, der vi mellom anna har loddbok og ulike arrangement og framvising av bilar. Det er Flåklypa-bilen til Blodstrupmoen som skal avdukast denne gongen. Det er lokale Erlend Krakset som likar å mekke på bilar og har laga den sjølv. Og så er det rømmegraut- og kakesal. Marknadsdagen er på Hakallegarden, så ein kan jo helse på dyra der også. Hakallegarden er open for dyr og menneske.

– Dette er den tolvte i rekkja, kva er det mest populære og kva skal du gjere?

– Det er kjøp og sal på standane og rømegrautsalet. Eg blir alt mogleg-mann som fer rundt og ordnar med logistikk, billettsal og diverse.

– Det har blitt ein fast påsketradisjon dette?

– Ja, det er kvar palmelaurdag, og ein starta med det for å tene pengar til bygdeutvikling. No skal vi få inn pengar til veglys i bygda. Det er tiltrengt. Tidlegare har vi brukt pengar til Strandhuset vi bygde nede ved sjøen, og promenade til Strandhuset. Det er store prosjekt vi har hatt. Og så har vi elles ein del inntektsbringande arrangement på Strandhuset, som pub, quiz og konsertar.

– Skjer det noko meir på Strandhuset i påska?

– Strandhuset skal også ha restaurantope i påska med ope palmesøndag, og skjærtorsdag til og med 2. påskedag. Då blir det dagens og a la carte–meny. Vi skal også ha pub- og quizkveld langfredag i påska.

– Kva gler du deg mest til i påska?

– Eg gler meg vel mest til quizkvelden på Strandhuset. Elles har eg ikkje planlagt så mykje anna.