Annie blir sett opp i Operahuset Nordfjord 23.-25. november.

Annie skal i utgangspunktet spelast av ei jente på 10-12 år, men operaen vil også vurderer jenter i ungdomsskulen, om dei ikkje er for høge av vekst. Ein treng elles unge jenter frå 16-30 til nokre av rollene. I tillegg til alle dei syngande jentene har Annie flotte vaksenroller både for kvinner og menn. Nokre av dei er syngeroller med litt dans, andre er taleroller. Opera Nordfjord ønskjer alle songar- og skodespelartalent frå heile Nordfjord velkomne til audition laurdag 6. mai i Valhall.

Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet.