Då er det tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.

I løpet av festivalhelga 13.–15. april skal ungdommane delta på sceneframsyningar og utstillingar som er opne for publikum. Framsyningane vert leia av unge konferansierar, og i kulissane er det mange unge arrangørar. I tillegg til dei «vanlege» UKM-framsyningane og kunstutstillinga, blir det konsert i eit stort telt ved Høyanger vidaregåande skule på dagtid laurdag og i Valhall laurdag kveld.

Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket.