Matias Orheim (1884–1958) frå Stårheim blei ein landskjent forkynnar og salmediktar som reiste rundt i heile Norge og heldt møte. Som tenåring fekk han problem med synet, og då han var 32 år blei han heilt blind. Det stoppa verken reiseverksemda eller hans store engasjement.

Han skreiv til saman 178 melodiar og omtrent 1.000 dikt og songar. Mange av salmane hans er mykje brukte endå.

Minneprogrammet på kvelden inneheld to foredragsdelar, film, duettar, allsong, bevertning og intervju med etterkomarar etter Orheim.

– Vi håpar både yngre og eldre frå Nordfjord vil vere interesserte i dette!