Det er allereie kjent at DDE og Tungevaag & Raaban står på scena i den andre utgåva av Strandfestivalen i Refvik, som går av stabelen 6. og 7. juli. Men Tungevaag & Raaban stiller også på barne- og ungdomskonserten på dagtid.

– Det er veldig kjekt, for dei fleste ungdommane veit kven Martin Tungevåg er, smiler Eva Marie Pleym.

I tillegg til Tungevaag & Raaban, skal også Andrea Santiago Stønjum delta, og for dei aller minste kjem bandet Dori Famous.

– Dette blir for dei aller minste, og bandet vil ha eit show for dei små, fortel Pleym.

Samarbeid med MOT

Konserten på dagtid er gratis og blir arrangert i samarbeid med MOT, som mellom anna vil setje opp buss frå Måløy.

– Vi ønskte å finne på noko på dagtid for barn og ungdom. Vi kan jo ikkje berre ha program for dei vaksne, smiler Pleym.

Ho fortel at dei også vil lage til ein konkurranse.

– I tilknyting til barne- og ungdomskonserten så vil vi ha ein teiknekonkurranse for barn, der ein kan vinne cd-ar med Dori Famous som kjem for å underhalde dei minste.

– Noko for dei fleste

I tillegg til DDE, Tungevaag & Raaban har det dukka opp fleire band til festivalen.

– Vi skal ha Polaren Cornelis, som er eit band nordfrå som tolkar Cornelis Vreeswijk sine viser, og Holko og Hauge – trubadurar frå Stryn. Even Melheim Mulelid og Sixpack spelar også. Eg trur det blir eit bra program, og at det er noko for dei fleste, seier Pleym.

Ho fortel vidare at dei ligg godt i rute til festivalen.

– Vi har bra kontroll på det heile, smiler ho.