Både fyrsteplassen i 2. divisjon brass og solistprisen vart med heim til Kjølsdalen under Nordvestmeisterskapen for vaksenkorps.

– Vi gjorde vårt beste, og det var veldig kjekt å vinne, seier leiar i Kjølsdalen musikklag, Anne Britt Dypveit etter Nordvesten som vart arrangert av Gloppen Janitsjar på Sandane.

Det var i alt 14 konsertar under meisterskapen, både med janitsjarkorps og brassband.

Etter mykje øving, gjorde det godt å ta med seg sigeren heim.

– Vi har øvd sidan august og lagt ned mange timar både på øving og heime, seier Dypveit, som spelar kornett i musikklaget.

Det var Eldri Rimmereid på tuba som vann solistprisen under meisterskapen, som spelte solo på eitt av dei fem stykka dei spelte under konserten.

I 2011, då nordvestmeisterskapen vart arrangert i Samfunnshallen på Tennebø, vann også Kjølsdalen musikklag 2. divisjon.

– Dagen bestod av konsertar og premieutdeling, før kvelden vart avslutta med ein god middag. Det er veldig sosialt, og det er kjekt å treffe og høyre på andre som også spelar i korps, seier Dypveit.