Låten Looking for the sun, som kjem ut i dag, handlar om heimplassen til artist Lise Kristin Kvenseth.

– Eg skriv for å fronte mi eiga heimbygd og for å vise at Stad er ein plass der det skjer både utvikling og store ting, seier Lise Kristin.

Sjølv om ho bur i Oslo, ser ho tilbake på Stad og artistane som har vakse ut frå heimbygda med beundring.

– Ein har jo bandet Comet Kid med Aleksander Hoddevik. Dessutan vart Martin Tungevåg nettopp nominert til Spellemannpris, og ein har Lasse Fløde. Det viser at Stad har noko å by på, meiner ho.

At ho satsa på musikken sjølv om ho ikkje fekk songtimar før på vidaregåande i Eid, meiner ho seier sitt.

– Vi har kanskje ikkje same moglegheit som i storbyar, men det visar at det er noko i oss som gjer at det skjer utvikling og positive ting innan kulturlivet på Stad.