Laurdag hadde Bremanger kulturskule opning av utstilling på Øyratunet i Svelgen. Der viste dei fram blant anna store insekt i papp.

Elevane på Bremanger kulturskule hadde arbeida med store insekt i papp, glassmykker, trykk, teikningar og mykje anna.

I tillegg hadde nokre av kulturskuleelevane laga eigne teikneseriar med eigne karakterar i leire og teikna historiene deira, fortel Grete Berntzen, rektor ved kulturskulen, i en e-post.

Det var på laurdag at Bremanger kulturskule hadde opning av utstillinga på Øyratunet i Svelgen.

Elevane på visuelle kunstfag og kulturkarusell viste fram alt frå bilete og smykker til skulpturar som dei har arbeidd med i heile haust.

Lærar i visuelle kunstfag, Aud Marit Skarrebo Holmen, synest kulturskuleelevane er flinke til å ta seg tid med arbeide. Ho fortel vidare at elevane gjer seg flid og er tålmodige.

Arbeidet som blei stilt ut på Øyratunet er laga av elevane mellom 6 og 12 år ved kulturskulen i Bremanger.