DJ-duoen Kenneth B (Kenneth Bjerke) og DJ August (August) har skifta namn til Pitch Raiderz og vil sleppe ny musikk i nær framtid.

Det skriv dei på si Facebook-side. Pitch Raiderz har som mål å samle EDM-musikk under ein paraply, opplyser duoen.

Kenneth Bjerke er ein 32 år gammal DJ som har spelt på store og små arrangement i Norge dei siste åra, og var også med i eit DJ-team under namnet Big & Small.

August er ein 16 år gamal gut frå Island som flytta til Florø. Det var han som tok kontakt med Kenneth B, og sidan har dei laga musikk saman, skriv duoen Pitch Raiderz på Facebook-sida si.

Dei to DJ-ane skriv vidare at dei allereie er klar med to singlar som dei vil gje ut i nærmaste framtid.