Reidun Øvrebotn ser fram til å endeleg kunne opne Kulturhuset Heimen. Der vil ho sette søkelyset på kystkvinnene.

– Eg prøver å heidre kystkvinner gjennomgåande i alt eg gjer og har gjort så langt, fortel Reidun Øvrebotn bak Kulturhuset Heimen.

Laurdag opnar ho offiesielt dørene til kulturhuset, der det vert omvising, kafé og musikkinnslag.

– Eg ønskjer å heidre kystkvinnene fordi kystlivet har vore basert på båtar og fiskereiskap.

Kvinnene som har gjort alt det dei har, har ikkje fått så mykje omtale og heider. Og det fortener dei, for dei var jo ryggrada i heile samfunnet før, slår Øvrebotn fast og legg til at det vil bli ei fast kystkulturutstilling, Minne om Maria, i Kulturhuset Heimen.

– Eg ønskjer også at Kulturhuset Heimen skal vere ein sosial treffplass der ein går på utstilling og kan få seg ein kopp kaffi og kake i kafeen, fortel ho og seier ho interessert i å høyre frå alle som kunne tenke seg å drive kafeen Aletta.

Utgangspunktet for Kulturhuset Heimen var å finne lokale for kulturformidling, kystkvinneutstillinga og verkstad for kultur- og kunstskulen.

Laurdag kan Øvrebotten endeleg presentere den nye kulturheimen.