Amfiet på Kulturhuset Heimen i Bremanger blei i minste laget under opninga laurdag.

– Det viser at bygda treng eit tilbod som dette, og at mange er glade for at det endeleg er i hamn. Eg er kjempeimponert, og ikkje minst glad for at Reidun har fått til dette, seier ein av gjestene May Britt Bratseth før ho skundar seg vidare for å sjå på dei mange utstillingane på huset.

Overveldande prosjekt

I lang tid har Reidun Øvrebotten kjempa for eit kulturhus i Bremanger. I fjor vår overtok ho «Heimen», og etter mykje tidskrevjande og hardt arbeid kunne ho endeleg halde storslått opning laurdag.

– Eg er oppteken av kulturformidling og å ha tilgong på møteplassar. Om ein ikkje har tilgong må ein lage det sjølv. Det var sjølvsagt overveldande å setje igong eit slikt prosjekt åleine, men som ein del av eit lokalmiljø må ein ta ansvar og initiativ, seier Øvrebotten.

Ho fortel likevel at ho ikkje hadde greidd seg utan gode hjelparar.

– Eg er veldig takknemleg for alle som har hjulpe til, og spesielt sambuaren min Knut Hallvard Kjærstad har spelt ei viktig rolle i denne prosessen. Utan han hadde det ikkje vorte noko opning, seier ho.

Lokale skattar

Besøkjande kan vente seg mange og varierte utstillingar på Heimen. I skrivande stund kan ein få med seg blant anna kystkvinneutstillinga, På livets reise og brudepynten frå Ryland.

– Det er spanande å oppleve kulturen og historia som finnast på den plassen ein er, og det er mitt mål å få til det her. Eg får god hjelp av lokalbefolkninga som kjem med gamle bilete og kle som dei vil at eg skal vise fram. Det er uvurderleg i mitt arbeid, seier Øvrebotten.

Om ein er i området vert ein oppfordra til å ta seg ein tur innom Heimen, om ikkje for kunsten, så iallefall for ein matbit.

– Kafe Aletta er ein sosial møteplass for alle, der vi serverer kaffi og heimelaga sveler. Det vert ikkje meir intimt og koseleg enn det, smiler Øvrebotten.