Kvar fredag har vi vekas spørsmål i Det spørst-spalten samt innsending av løysingsord i Fjordkryss.

Innsendarane med riktig svar i kvar av konkurransane er med i trekninga av eit Fjordenes Tidende-krus.

Vekas spørsmål fredag 26. juni var: Kva heiter fuglen som er nasjonalfugl på New Zealand og som deler namn med ein type frukt?

Riktig svar var kiwi, og Runar Leikanger frå Leikanger på Stadlandet får tilsendt eit krus for riktig svar.

Løysingsordet i Fjordkryss fredag 26. juni var rugsundkyrkjedekormakar. Ei av dei som hadde funne svaret var Ellinor Oldeide frå Nesbru, og ho får også eit krus i posten.

I dagens avis, enten det er på papir eller e-avis, er det nye moglegheiter til å sikre seg eit Fjordenes Tidende-krus om du svarer på vekas spørsmål eller løyser ei ny utgåve av Fjordkryss.

Lykke til og takk til alle som deltar.