Per-Karl Sundnes og Tryggve Sundsbak oppfordrar folk frå både fjern og nær til å bli med på tidenes Vanylvsråkk denne helga.

– Dei gode tilbakemeldingane vi har fått tidlegare år lyg ikkje. Folk trivst veldig godt her på festivalen vår, seier arrangør Per-Karl Sundnes.

Han lovar at det ikkje skal verte annleis i år, og seier at dei har jobba godt og lenge med årets Vanylvsråkk. Med store namn som CC cowboys, The Sweets og Jaa9&OnklP på plakaten er Sundnes og resten av styret sikre på at helga vert nok ein suksess.

– Sjølv synest vi programmet er veldig bra, og med tanke på førehandssalet tør eg seie at publikum er einig. Her er det berre å ta med seg «råkkefoten» og bli med på festival, seier Sundnes. Sjølv om det er dei store namna som er trekkplaster, håpar arrangørane at også resten av plakaten trekk publikum til Saga på Eidså.

– Det vert gratis opplegg for familiar og born laurdag føremiddag. Dette meiner vi skaper mangfald i festivalen, og det er vi veldig stolte av.

– Og det er meldt om bra vêr, så ein vil ikkje misse stemninga, seier Sundnes.

I kveld står korene Fram og Fiskå Barne- og ungdomskor på scena først, før det går slag i slag med Jørn Trollebø med band, Jaa9&OnklP, Sommartider og Novocaine.

Lørdag står følgjande artistar på scenen: Dalsfjord Bluegrass Band, The Sweet, CC Cowboys og Blodsbrødre.