– Vi har gjennomført den beste arrangement-tekniske Malakoff-festivalen i historia, seier fesivalsjef Arnt-Ivar Naustdal

Det har blitt gjort små og store justeringar sidan tidlegare år.

– Vi gjer små endringar kvart år, og det er ikkje alt som er synleg for publikum. For eksempel å utvide inngangspartiet og flytte litt på scenene. I tillegg hadde vi i år fleire toalett til jentene. Dette gjer at det blir mindre kø og ting går lettare, og publikum føler at ting fungerer betre enn tidlegare, fortel han.

Stabilt

Rundt 20.000 personar innom festivalen i løpet fredag og laurdag.

– Vi er litt usikre på akkurat kor mange som var innom festivalen, med tanke på kor mange ungar som var innom. Men cirka 10.000 personar kvar av dagane, fortel han. Det er nesten like mange som under fjorårets festival, som hadde rekordmange 22.000 besøkjande. – Med tanke på vêret vi hadde laurdagen er det eit høgt publikumstal. Klarer vi å stabilisere oss om kring dette talet skal vi vere særs nøgde, fortel festivalsjefen.

Må ha 9.000 besøkjande

For å få overskot er festivalen avhengig av godt besøk.

– Det må vere opp mot 9.000 personar kvar av dagane, seier Arnt-Ivar Naustdal. – Det kostar pengar å arrangere ein festival som Malakoff, og vi må jobbe knallhardt vidare for å kunne arrangere vidare om 10–15 år, legg han til. Omsetninga for årets festival var omtrent den same som i fjor, og festivale går i pluss.

Betre enn venta

– Festivalen har ein sunn økonomi, men er framleis heilt avhengig av næringsliv og samarbeidspartnarar, seier Naustdal. Sjølv om vêret sette ein dempar på kiosk- og bar-salet, har det på andre område vore betre omsetning enn i fjor. – Det har vore godt over det vi kunne vente på alle område, seier festivalsjefen. Med ein vellukka festival bak seg, ser Naustdal framover. – Vi skal fortsette å vidareutvikle den til ein endå betre festival. Malakoff er ein superbra festival, og når eg får tilbakemeldingar frå artistar og andre tilreisande raudnar eg litt. Det er absolutt noko eg tar med meg vidare under planlegging av Malakoff 2016.