Vestlandsk sommarsymfoni vert arrangert for 37. gong på Fjordane Folkehøgskule på Eid den komande veka.

Det kjem musikkstudentar, musikklærarar og amatørar frå heilde landet for å møtast i eit fullt utbygd symfoniorkester.Tryggve Dyrvik og Andreas Bergset er begge frå Nordfjordeid, og skal vere med i orkesteret. Dei spelar høvesvis trombone og slagverk.

– Programmet er sett saman slik at det vert ei utfordring på eit høveleg nivå for musikarane. Det skal vere noko å strekke seg etter, samstundes som det skal verke freistande for publikum, seier kursleiar, Jan Ola Amundsen.

Veka vert avslutta med to konsertar. Fredag er det kammerkonsert i Eid kyrkje, medan det neste laurdag er klart for storslått konsert i Operahuset Nordfjord.