Namn:Michal Hestenes Nygård
Alder:31 år
Sivilstatus:Sambuar, tre born
Bustad:Flatraket
Yrke:Fiskar/stuert

- Kva er du mest oppteken av?

- Det er heilt klart fotball.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg spelar fotball og elles er eg med famile og vener. Er formann i forballgruppa på Flatraket og det tek ein del tid.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar sambuaren Stine som styrer heimen og tek godt vare på dei tre ungane våre når eg er vekkreist i 4-6 veker i strekk.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med bygda mi må vere dugnadsånden til bygdafolket og den flotte solnedgangen vi kan nyte frå altanen om sommaren.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Michal vann i lotto og byggjer stort og flott samfunnshus til bygda si.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Det var eit vanskeleg spørsmål! Trur eg ville gått opp på eldretunet i bygda, spelt ludo og teke meg ein prat og ein kaffiskvett med dei eldre. Eg trur dei hadde sett stor pris på det.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Eg var på ein fantastisk Hellbillies-konsert i Ålesund i fjor. Det var knallbra!

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Eg må innom haugenfotball, nettavisen, sol, vg, sildelaget og newutd.no som er favorittlaget mitt i England.

- Kva er meininga med livet?

Meininga med livet er å kose seg saman med familie og vener, og elles ha ein jobb ein trivst i.