Det var ingen som sparte på kruttet då Halsør Grand Prix gjekk av stabelen for aller første gong denne helga.

Heile 19 deltakarar stilte til start i olabil-løpet under Halsør Grand Prix laurdag. Ein av dei som synest det var kjempestas å vere med var Ruben Myhre Edvardsen (11).

– Det var kjempekjekt å delta. Eg var veldig fornøgd med bilen min, seier han, og fortel at pappa Kennet Edvardsen brukte to dagar på å få bilen i stand til løpet.

– Eg vert med på fleire slike løp og anbefaler andre å vere med òg, seier 11-åringen som suste ned bakken på Halsør heile tre gongar.

Blei ein kjempesuksess

Hinderløypa som MIL sykkel hadde sett opp på Halsør, var også populært blant dei minste i helga. Det same var bogeskyting og frisbee golf.

– Vi kunne ikkje ha håpa på eit betre resultat, smiler Frode F. Kupen, initiativtakar til Halsør Grand Prix.

– Vi reknar med at vi har hatt rundt 400 besøkjande i løpet av arrangementet. Vi er veldig fornøgde. Litt regn klarer ikkje stoppe oss, ler han og legg til at det blei det lavterskelarrangementet dei hadde håpa at det skulle bli.

– Hos oss er alle vinnarar. Det viktigaste er at folk har det moro, seier Kupen og refererer til fjelløpet og sykkelrittet.

Dessutan var det ikkje berre førarane av olabilane som kosa seg på vegen under Halsør Grand Prix. Nærmare 20 veteranbilar stod utstilt og avslutta dagen med felles køyretur rundt Nord-Vågsøy. Tre driftingbilar blei også stilt ut under arrangementet, og viste fram nokre triks.

– Alle aktivitetane og utstillingane sklei inn i kvarandre, og heilheita blei veldig bra, oppsummerar Kupen.

Håpar på meir tilflytting

Laurdagen blei også nytta til å opne Halsørsanden bustadfelt, like ved arrangementet. Ordførar Morten Hagen, som haldt den offisielle opningstala, berømte bygdene rundt om for samhaldet og peika på fordelane ved å bu utanfor tettbygde strøk.

– Dugnadsånda i små bygder er unik og det å ha luft og flott natur rundt seg er eit stort pluss, sa han i tala.

Ann Renate og Tommy Aasebø har saman med borna budd i det nye bustadfeltet i nesten eit år. Dei er strålande nøgde, og håpar at dei snart får nye naboar i dei fire ledige tomtene.

– Med slike arrangement utanfor stovedøra manglar vi ingenting, smiler dei.