Namn: Linda Ekremsæter

Alder: 47 år

Bustad: Åheim

Sivilstand: sambuar og forlova, to born

Yrke: kokk, driv Kvilehytta

– Kva er dine planar for sommaren?

– Jobbe! Det er ikkje tid til ferie på sommarstid når ein driv ein plass som Kvilehytta. Sommar betyr mykje arbeid, men eg trivast med det. og som sjølvstendig næringsdrivande er det sjølvsagt positivt med jobb.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Gran Canaria. Dit har vi reist mange gongar.

– Kva legg du helst på grillen?

– Spare-ribs og biff. Med grøn salat, bakt potet og litt potetsalat blir det ikkje betre. Når det er sagt er det sjeldan det er tid til å grille.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Då eg var liten og vi ungane fekk springe ned til vatnet for å bade då foreldra mine kvilte middag. Vi måtte hjelpe til med arbeidet på garden, så det var ei etterlengta pause.

– Kven vil du gi ei jordbærkorg?

– Mamma. Ho stiller alltid opp dersom eg treng hjelp.

– Kven beundrar du?

– Eg ser ein del på kokkeprogram, og beundrar dei unge som klarer å ta seg fram sjølv.

– Kva les du i lokalavisa?

– Om sommaren får eg berre tid til å lese baksida. Men eg blar i gjennom heile haugen av aviser som samlar seg opp gjennom sommaren ut på hausten.

– Kva er din favoritt-is?

– Royal trippel. Den er nydeleg!

– Har du ein hobby?

– Eg likar å plukke bær.

 – Kva er din største draum?

– Å utvide Kvilehytta.

– Kva er du mest stolt over med heimplassen din?

– Den flotte utsikta. I seks veker kvar sommar kan vi sjå sola drukne i havet. Naturen her er heilt utruleg.

– Kva vil du vise tilreisande?

– Det kjem heilt an på veiret. Men må ha ein tur innom Vestkapp, Jetmundkyrkja og Olivin-steinsenteret. Og så vert det middag på Kvilehytta etterpå, sjølvsagt.