– Mats er ein karismatisk type med ein del særtrekk. Så eg trur ikkje det skal vere vanskeleg å sjå at det er han eg etterliknar, seier Navelsaker.

– Eg håpar han får tid til å kome og sjå revyen, seier Matias Navelsaker

Vi møter han og den store revygjengen i samband med øving på operascena. Førestillingane er 2. og 3. februar, så det er for tida full trykk med førebuingar. Årets russekull på Eid har fleire ressurspersonar innan musikk- og sceneliv. Vi kjenner spesielt att to av medlemmane i revystyret. Martha Standal Pavelich vart sist sett i ei hovudrolle i Sildagapet. Eline Lillestøl har hatt store roller i Elskhug & Eksis.

På scena i to timar

Matias Navelsaker er mest kjent frå langrennssporet. Men han fortel han har vore med på mindre oppsettingar i skulesamanheng, og at hovudrolla i russerevyen er noko han har lyst å gjere.

– Eg skal stort sett vere på scena i to timar og har fire-fem songnummer. Det er mykje, men eg gler meg. Eg har vore med og skrive manus, og ser fram til å framføre det.

Frå venstre Fride Myklebust Holmgren, Eline Lillestøl, Håkon Bøen og Martha Standal Pavelich. Førestillingane er 2. og 3. februar, så det er for tida full trykk med førebuingar.

– Topp at vi kan få fram nokon i ei stor rolle som ikkje ha vore så synlege før, meiner Standal Pavelich og Lillestøl.

Plottet er tidsaktuelt henta frå Lefdal Mine Datacenter. Handlinga er bygd opp kring marknadssjefen som i revyen har tent seg rik på datasenteret, og bygd seg eit hus som er endå større enn det han har. I dette huset blir det stor fest med mykje forviklingar. Revyen heiter Ville Villa Nordfjord.

Om persongalleriet elles vil ikkje revygjengen seie så mykje, men Håkon Bøen skal ha rolla som ordførar Bjørlo.

Vil toppe fjoråret

Dei siste åra har kona til Mats, Janne Endal Andersson, vore ein sentral figur i russerevyen.

– De er ikkje redde for at det skal bli for mykje søkjelys på same familien år etter år?

– Nei, all PR er god PR. Men vi følte kanskje at Janne byrja bli litt oppbrukt i russerevyen, så ho er berre ein liten del av det i år, seier revysjefane.

Ved sidan av dei nemnde personane er Frida Myklebust Holmgren med i revystyret. Det er denne gjengen som står for manus, med god hjelp av ein del andre i revygjengen på om lag 60–70 elevar.

I beste «feelgood»-tradisjon blir det mykje dans, moro og stemning på årets russerevy. Her blir Frederika Dolezelova løfta opp i samband med øving på eit dansenummer.

Det har vore høgt nivå på russerevyen dei siste åra, med publikumsrekord kvart år.

– Vi skal gjere det minst like bra som i fjor. Vi var litt usikre, men etter kvart som øvingane byrjar gå seg til, ser vi at det skal vere mogleg.